Formannskapet i Fjaler kommune har eit ønske om å komme seg meir rundt i kommunen når dei har møta sine, for å sjå kva som føregår rundt om.
Då ordførar Leif Jarle Espedal nyleg var på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) saman med programkomiteen til Vestland Arbeidarparti, syntest han presentasjonen rett og slett var så bra at fleire burde få informasjonen. Derfor la formannskapet møtet sitt til Naustet førre veke.

Etter at formannskapet hadde behandla dei politiske sakene som stod på programmet, fekk politikarane, saman med kommunedirektøren og tre personar frå teknisk avdeling, informasjon frå dei to store institusjonane på Haugland.
Først fortalde direktør for samfunnskontakt og kommunikasjon, Leonora L. Kleiven, om United World College Røde Kors Nordisk (UWC), før direktør ved RKHR, Inger Johanne Osland, informerte om rehabiliteringssenteret.

Dei la dessutan vekt på kor viktig det er for UWC og RKHR at Flekke er ei levande bygd. På Haugland er det fleire hundre studentar, pasientar og tilsette til ei kvar tid – mange av dei utan bil. Bussen til Haugland går éin gong i veka. Då har det svært mykje å seie at skule og butikk er i nærleiken.
Vi har fått nyttige innspel i saker dei er opptatt av
– Det er absolutt nyttig å møte dei som jobbar på Haugland, som kan fortelje kva som er viktig for deira kvardag og utviklinga her. Dei er tydelege på betydninga av skule og butikk, og vi har fått gode innspel om reguleringsplanar og andre saker dei er opptatt av, seier Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal.

Som Inger Johanne Osland påpeikte for fylkespolitikarane nyleg, er kanskje den største utfordringa til senteret at det ikkje blir rekna som ein ideell organisasjon, sjølv om vi ikkje er kommersielle – og sjølv om eigaren heiter Sogn og Fjordane Røde Kors.
Denne saka vil kommunedirektøren no sjå nærmare på.

Direktør Inger Johanne lufta også bekymring rundt signala om at meir rehabilitering skal ut i kommunane og at nye rehabiliteringstilbod skal byggast opp på sjukehusa.
– Det krev mykje spisskompetanse, og den har vi allereie her på Haugland. Vi har solid grunnkompetanse, tilbyr rehabilitering til mange ulike diagnosegrupper og har flinke og ivrige fagfolk som heile tida vil utvikle seg. Det gjer at vi står stødig i arbeidet kvar dag, og at vi er mindre sårbare når vi kjem til anbodsrunden, sa ho.

– Kva er den aller viktigaste grunnen til at senteret har klart å komme dit de er i dag? spurde kommunedirektør i Fjaler, Ola Hovland.
– Det er at senteret, med Eirik Fismen i spissen, på 90-talet bestemte seg for å satse på forsking og fag. Vi skulle ikkje berre vere ein opptreningsinstitusjon, men eit sterkt, fagleg forankra rehabiliteringssenter, fastslo Inger Johanne.
Det viktigaste er at vi satsa på forsking og fag på 90-talet
På omvisinga ute i sola fekk følgjet også snakka om den planlagde turstien langs fjorden, reguleringsplanar og behov for utbygging.
– Mykje handlar om å leggje endå meir til rette for mangfald; at alle skal ha gode moglegheiter, uansett utgangspunkt. Det gjeld både for studentar på UWC og pasientar på RKHR, ivra Leonora og Inger Johanne.

I rekka f.v. Mark Taylor, Jostein Jarstad, Ainor F. Naustdal, Ola Hovland, Marthe Eimind, Leif Jarle Espedal, Marte Haugsbakk, Lill Hege Olset, Connie Hovland, Erlend B. Kyllingstad, Randi Engen, Inger Johanne Osland og Leonora L. Kleiven
Omvisinga starta på den nye gangbrua som går over til holmane. Den vart opna i desember, halvtanna år etter at den gamle vart stengt, og Inger Johanne nytta sjansen til å takke kommunen for godt samarbeid.
– Det var mykje arbeid. Vi er veldig fornøgde med brua og glade for at vi fekk det til. Mange av dei som er på Haugland liker å gå på tur dit, både for å vere på skytebana og for å nyte naturen, sa ho.
Direktøren synest det er kjekt at formannskapet sette av så mykje tid til å høyre og sjå kva vi har her på Haugland.
– Det er to unike institusjonar som stadig utviklar seg. God støtte frå både lokale, regionale og nasjonale politikarar er avgjerande for at ein skal kunne fortsette den gode utviklinga, seier Inger Johanne Osland.
