Programkomiteen Vestland Arbeidarparti

Tysdag 18. august besøkte programkomiteen til Vestland Arbeidarparti Fjaler som ein del av oppkøyringa fram mot valet 2027. Ein av dei politikarane ønskte å få innspel frå, var Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR).

Frå programkomiteen kom fylkespolitikarane Siri Sandvik, Kine B. Dale, Inge Degnepoll, Arve Helle og fylkesvaraordførar Stian J. O. Davis, i tillegg til Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal og kommunikasjonsmedarbeidar Tuva B. Normanseth.

F.v. Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal, Siri Sandvik, Kine B. Dale, Kristin Kyrkjebø (økonomisjef på RKHR), Ragnhild Follevåg (leiar for utadretta aktivitet på RKHR), Tuva B. Normanseth, Inge Degnepoll, Arve Helle, Stian J. O. Davis og direktør Inger Johanne Osland (med ryggen til).
F.v. Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal, Siri Sandvik, Kine B. Dale, Kristin Kyrkjebø (økonomisjef på RKHR), Ragnhild Follevåg (leiar for utadretta aktivitet på RKHR), Tuva B. Normanseth, Inge Degnepoll, Arve Helle, Stian J. O. Davis og direktør Inger Johanne Osland (med ryggen til).


Direktør Inger Johanne Osland fortalde om pasienttilboda og forskinga på senteret, og om ein endringsvillig organisasjon og kompetent fagstab – som får gode tilbakemeldingar både frå pasientar og fagmiljø. Men ho nytta også høvet til å snakke politikk og lufte utfordringar.

– Vi er eigd av Sogn og Fjordane Røde Kors, som er ein ideell organisasjon. Likevel er det ein rettskraftig dom som seier at senteret vårt ikkje er ideelt. Arbeidarpartiet sette ned ein komité som jobba med dette, men vi har likevel ikkje fått det på plass; vi blir rekna som kommersielle – og det er vi ikkje. Dette må de ta tak i! Det er svært viktig for oss, særleg med tanke på framtidige anbodskonkurransar, ivra ho.

Politikarane stilte oppfølgingsspørsmål, kom med innspel og lovde å sjå på saka.

F.v. Arve Helle, Stian J. O. Davis, Inge Degnepoll, Kine B. Dale, Leif Jarle Espedal og Siri Sandvik.

Ei anna sak, som vedkjem fylkespolitikarane meir direkte, er transport og infrastruktur. Seinast i vår var det debatt rundt flytilbodet på Førde lufthamn, Bringeland. Fleire representantar frå RKHR var då med på protestmøte saman med 50 andre frå politikk og næringsliv.

– Utan flyplass på Bringeland får vi ei kjempeutfordring. Då kan vi nok seie takk og farvel til pasientane frå Rogaland, for eksempel, sa Inger Johanne.

– Blir det for vanskeleg å komme hit, vel pasientane andre alternativ, sjølv om tilbodet vårt er godt. Derfor er det svært viktig at de også held oppe båtrutene frå Bergen og bussrutene lokalt. Vi har om lag 400 pasientar frå Bergen kommune kvart år. Nokre køyrer hit sjølv, men veldig mange tar båt til Rysjedalsvika og buss derifrå til Flekke. Det fungerer fint slik det er i dag, la ho til.

Politikarane noterte innspelet, og kommenterte at det kan bli aktuelt med meir fleksible ordningar rundt busstransport i framtida.

Ragnhild Follevåg (t.v.) viste programkomiteen til Vestland Arbeidarparti nokre av treningsfasilitetane på senteret.

Inger Johanne påpeikte også kor viktig det er å ha dei noverande tilboda i nærområdet.

– Skule, barnehage, butikk: Den dagen vi ikkje har dette i Flekke, fryktar eg for rekrutteringa til denne vesle bygda. Vi er heilt avhengig av å ha det. Derfor ber eg om at politikarane ikkje byggjer det ned, sa ho med eit smil – vel vitande om at det pågår ein skulekamp i bygda.

Det er viktig at politikarane ser samfunnsnytta av rehabilitering


Av andre utfordringar nemnde ho digitalisering og signal om omlegging til kortare opphaldstid på rehabilitering. Det blir ikkje enkelt å få pasientar frå Bergen til å reise til Haugland for dagopphald.
 
– Det bekymrar meg. Det verkar som det ikkje er basert på kunnskap, men berre økonomi, la ho til.

Digital behandling kan i enkelte tilfelle vere positivt, også i rehabilitering.

– Men rehabilitering handlar ikkje berre om opptrening og behandling. Det handlar om prosessar og mellommenneskelege møte. Det å komme saman og dele erfaringar er utruleg nyttig. Slik som til dømes unge pasientar med narkolepsi; dei har kanskje aldri møtt nokon med same utfordring før dei kom hit til Haugland. Det blir ikkje like enkelt og verdifullt å få til dette digitalt, sa ho.

Etter presentasjonen frå direktøren, fekk politikarane omvising på senteret ved leiar for utadretta aktivitet, Ragnhild Follevåg. Ho gav dei eit innblikk i historia og fasilitetane, før politikarane og tilsette åt lunsj saman i strålande solskin ved Flekkefjorden. Her fekk ein også utveksla erfaringar og blitt betre kjent.

– Det er viktig at politikarar kjenner til institusjonen og ser samfunnsnytta av rehabilitering. Det er positivt å høyre at programkomiteen til Vestland Arbeidarparti forstår dei utfordringane vi står overfor og at politikarane ønskjer å bidra med det dei kan, oppsummerte Inger Johanne Osland.