Pågåande prosjekt

Kva effekt kan skreddarsydd trening ha som behandling for personar med sjeldne nevromuskulære sjukdommar? Det er spørsmålet i den store PETRA-NMD-studien.

Forskarane skal undersøke om eit personleg tilpassa fire månaders treningsprogram med styrke- og balansetrening kan forbetre dynamisk balanse, muskelstyrke og generell fysisk trivsel hos deltakarane, samanlikna med vanleg oppfølging.

Prosjektet har fått 17,1 millioner kroner i støtte frå Nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking i spesialisthelsetenesta.

Studien vil rekruttere 120 deltakarar med Charcot-Marie-Tooth (CMT), Dystrofia Myotonika type 1 eller Fascio-scapulo-humoral muskeldystrofi (FHSD). Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er rehabiliteringssenteret for deltakarane frå Helse Vest.

Prosjektet varer i fem år. 2024 vil verte brukt til å planlegge og rekruttere deltakarar. I 2025 startar dei første deltakarane i programmet.

Kristin Ørstavik er nevrolog og seksjonsleiar på Eining for medfødde og arvelege nevromuskulære tilstandar (EMAN) ved Oslo Universitetssjukehus. Ho leier prosjektet, som er eit samarbeid mellom:

  • Norsk nevromuskulært kompetansesamarbeid, som består av Nevromuskulært kompetansesenter ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge, Eining for arvelege og medfødde nevromuskulære tilstandar ved Oslo universitetssjukehus og Frambu
  • Foreningen for muskelsyke
  • Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Kastvollen rehabiliteringssenter, Vikersund Bad Rehabiliteringssenter og Vigør Rehabiliteringssykehus
  • Seks sjukehus som vil rekruttere deltakarar (Haukeland, OUS, Vestre Viken, Molde, Namsos og UNN)
  • Noregs idrettshøgskule

ISIVET (Interdisciplinary structured interview with a visual educational tool) er eit klinisk kartleggingsverktøy som bidreg til at pasienten får betre innsikt om seg sjølv og sine utfordringar, og saman med fagpersonane lettare kan snakke om og gjere gode val.

Kartlegging av faktorar knytt til livskvalitet og yrkesforhold, gjev eit areal som direkte visualiserar situasjonen for personen sjølv og for behandlarar. Ved ny kartlegging kan ein sjå arealendringar. Det blir eit utgangspunkt for å evaluere situasjonen og pågåande tiltak.

ISIVET er utvikla av Randi Brendbekken som er seksjonsoverlege ved avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering, Sykehuset Innlandet og forskar ved Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering (NK-ARR) på Rauland. Utprøving av ISIVET hos oss skjer i samarbeid med Randi og NK-ARR.

Planlagt oppstart 2022.

Du kan lese meir om ISIVET her: https://isivet.no/

Digitalisering kan gjere det mogleg å utvikle nye teneste tilbod basert på ein kombinasjon av konvensjonelle fysiske tilbod og nye digitale løysningar.

Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering (NK-ARR) starta i januar 2021 eit prosjekt med 5 private klinikkar for å undersøke og implementere nye digitale løysningar, som kan forbetre rehabiliteringa. Samtidig vert det etablert digitale læringsarenaer for klinikarar i prosjektet. I tillegg er det ønske om å utvikle bruken av felles kvalitetsregister for arbeidsretta rehabilitering som verktøy for å støtte utviklingsarbeid og dokumentere resultat. Prosjektet vert leia av NK-ARR og dei andre deltakarane er fem private klinikkar med arbeidsretta rehabilitering som tilbod i spesialisthelsetenesta (Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Valnesfjord Helsesportssenter, Muritunet, Hernes Institutt og Rehabiliteringssenteret AiR). Helse Sør-Øst har gitt midlar til prosjektet, desse midlane vert brukt til både lokale FoU-aktivitetar på klinikkane og til forskarar ved NK-ARR.

Ein viktig del av prosjektet er å undersøke nærare på korleis bruk av virtuell verkelegheit (VR-trening) kan gje betre evne til oppmerksomheit. Forsking viser at betring i oppmerksomheit gjev mindre plager, og forverring av oppmerksomheit gjev meir plager. Dette kan verke inn på arbeidsevna, både direkte og indirekte. Oppmerksomheit kan trenast opp og det er behov for meir forsking på korleis dette kan gjerast. VR-trening «låser» merksemda til noko som krev stort fokus. Ved hjelp av forskjellige spill vil ein kunne gje deltakaren positiv forsterking gjennom ulike former for belønning i spillet. Dette vil kunne føre til auka oppleving av meistring. VR-brillene vil avgrense for ytre stimuli og fysisk halde på merksemda for deltakaren. Det er derfor mogleg at bruk av VR-briller vil vere eit spesielt heldig verkemiddel for deltakaren til å trene opp oppmerksomheiten.

I arbeidslivet vil det vere behov for å kunne sortere vekk stimuli for å rette konsentrasjonen mot visse oppgåver. VR-briller kan truleg auke denne fokusevna.

Rekruttering av deltakarar startar januar 2022.

Du kan lese meir om VR-prosjektet her:  Digital arbeidsretta rehabilitering

Samarbeidsprosjekt med føremål å utvikle aktivitetshjelpemiddel knytt til aktivitetar på fjorden, sjå meir her: For Alle AS

Multisenterstudien RehabNytte er eit samarbeid mellom 17 private rehabiliteringsinstitusjonar frå alle helseregionar organisert gjennom forskings- og utviklingsnettverket i dei private rehabiliteringsinstitusjonane (FoU-nettverket i Virke Rehab), i samarbeid med Nasjonal kompetansetjeneste for revmatologisk rehabilitering (NKRR), Nasjonal kompentansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering (NK-ARR) og regional kompetansetjeneste for rehabilitering Helse SørØst (RKR-HSØ).

Overordna mål med prosjektet er å bidra til betre og meir effektive rehabiliteringstenester, ved å undersøke kva nytte pasientar har av rehabilitering, auke kunnskap om grad og betydning av brukarmedverknad og kvalitetssikre måleinstrument til bruk i forsking og evaluering av rehabilitering i Noreg.

Rekruttering av deltakarar starta januar 2019 og på gjekk fram til mars 2020. Totalt er omlag 4000 pasientar blitt inkludert i studien.

Prosjektet er delt til tre arbeidspakker: brukarmedverknad(AP1), nytte av rehabilitering på arbeidsdeltaking (AP2), nytteverdi av rehabilitering og nytte av kvalitetsindikatorar i rehabilitering (AP3).

AP1 og AP2 har fått eksterne midlar frå Stiftelsen DAM til PhD-stipendiatstillingar. I tillegg finansierer FoU-nettverket saman med NKRR ein postdoc som skal jobbe med AP3.

Alle institusjonar som har levert data til studien får moglegheit for medforfattarskap i fleire artiklar (potensielt 11 vitskapelege hovudartiklar). Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter skal bidra aktivt i dette arbeidet.

Her kan du lese meir om RehabNytte.

Avslutta prosjekt

Eit stort multisenterstudie på kognitiv funksjon og psykisk helse sin innverknad på arbeid. KOFU-prosjektet vart leda av Thomas Johansen ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, og tre rehabiliteringsinstitusjoner, der vi saman med Valnesfjord Helsesportssenter og Catosenteret bidrog i undersøkelsane.

Tittel: «Kognitive tiltak innen arbeidsrettet rehabilitering: Undersøkelse av kvalitet og effekt».

Formål: Undersøke i kva grad eit ARR-opphold gjev endring i kognitiv fungering og psykisk helse (angst, depresjon, helseplager), og i kva grad endring i kognitiv fungering kan predikere tilbakeføring til arbeid.

Eksempel på kognitive evne er: hukommelse, oppmerksomhet, konsentrasjon, planlegging, psykologisk fleksibilitet.

For mer om prosjektet, les her

Nasjonalt forskings- og utviklingsprosjekt for å løfte fysisk tilpassa aktivitet for menneske med funksjonsnedsetting og aktivitetshjelpemiddel i rehabilitering, herunder generere viktig kunnskap både på system- og individnivå.

Prosjektet var eit samarbeid mellom Beitostølen Helsesportsenter (BHSS),  Valnesfjord Helsesportsenter(VHSS), Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) og Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser.

Prosjektet fekk midlar frå Stiftinga Sophies Minde, BHSS leia prosjektet, les meir

Haugland Rehabiliteringssenter deltok i perioden 01.01.15 til 30.06.15 i forskingsprosjektet «Rehabilitering i Helse Vest» saman med andre rehabiliteringsinstitusjonar i regionen. Målet var å få meir kunnskap om kven som får tilbod om rehabilitering ved ein rehabiliteringsinstitusjon, og korleis det går med pasientane etter avslutta opphald.

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, Helse Bergen HF, var ansvarleg for studie. Publiserte artiklar og sjølve dr.gradsarbeida finn du her

KaNo-prosjektet vart starta på oppmoding frå Kreftforeningen ut ifrå deira erfaringar og satsing på Unge og kreft i 2008. Dei fleste unge som får kreft overlever kreftsjukdommen, men forsking viser at mange unge som har gjennomgått kreftbehandling opplever at overgangen frå behandling til eit kvardagsliv kan vere tøff. Prosjektet fekk namnet “KaNo” fordi mange etter avslutta behandling stiller seg spørsmålet “hva nå?” eller “ka no?”.

Det har vore lite forsking på rehabilitering av unge kreftpasientar både nasjonalt og internasjonalt. Kano-prosjektet tok sikte på å utvikle og teste eit målretta og strukturert rehabiliteringsprogram for unge mellom 18 – 35 år som hadde gjennomgått kreftbehandling.

Første gruppe i prosjektet starta opp i januar 2011. Prosjektet var leia av fagpersonale ved Haugland Rehabiliteringssenter. Knytt til prosjektet var stipendiat May Aasebø Hauken, i samarbeid med Universitetet i Bergen/ HEMIL senteret. Det har hittil komt ut tre artiklar frå Hauken, og du finn meir informasjon om studiane herher og her.

Heile dr.grads-arbeidet finn du her. I tillegg har det blitt publisert ein artikkel frå studien i tidsskriftet Cancer Nursing.

Du kan også lese fysioterapeut Linda Viken si Masteroppgåve «Masteroppgåve Linda Viken«.

Saman med deltakarane i prosjektet har vi vurdert effekten til å vere så god at gruppetilbod  til unge vaksne er sett inn som ein del av det ordinære tilbodet vårt.

Sjå også video frå deltakarar i prosjektet, ein kort versjon og ein lengre versjon.

Prosjektet fokuserer på utdanning og rehabilitering for unge frå konfliktområde, med skadar frå mellom anna eksplosiv som landminer, frå andre traumar, frå stigmatisering og frå flukt.

Dette er eit mulitidisiplinært samarbeidsprosjekt mellom Røde Kors, United World College Røde Kors Nordisk (UWCRCN), Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) og Haugland Internasjonale forsking og utviklingssenter (HIFUS).

Kvar eining bidreg med ekspertkompetanse på sine felt; humanitært arbeid, utdanning, helsefremming og forsking. Prosjektet er støtta finansielt gjennom Røde Kors si rammeløyving frå Utanriksdepartementet.

Målet er å fremme utdanning og tilpassa rehabilitering for ungdomar frå konfliktområde, for å bidra til meistring, auka deltaking og livskvalitet.

Eit hovudmål for prosjektet er at studentane returnerer til sine heimland og bidreg med sine ressursar i lokalmiljøet etter endt utdanning. Ei utdanning frå United World College  opnar i tillegg mange dører for vidare akademiske studiar.

I prosjektet utnyttar ein spisskompetansen innan internasjonal utdanning og tverrfagleg rehabilitering på dei to Røde Kors-institusjonane på Haugland. To nye deltakarar blir rekruttert til prosjektet kvart år. Prosjektdeltakarane får tilbod om stipend til eit studietilbod ved UWCRCN i Flekke i Vestland Fylke, på lik linje med dei andre elevane ved skulen. Samarbeid og lokalisering saman med RKHR syter for rehabilitering på spesialistnivå. Gjennom rehabilitering jobbar ein for å sikre at deltakarane sine fysiske behov blir dekka, samt for å auke evna til å gjennomføre daglege aktivitetar og deltaking. HIFUS står for forsking og administrasjon av prosjektet.

Vi ønskjer å studere effektane programmet har på deltakarane og deira fysiske og mentale helse med forskings-metodikk og intensjon. Prosjektet starta i 2011, og resultata så langt motiverer til å gjere dette til eit permanent tilbod, utvida med eit forberedande år der ein ser det som hensiktsmessig.

Du finn meir informasjon om survivors of conflict-programmet her.

Saman med fleire bedrifter og institusjonar såg vi på mogelegheiter for å måle funksjon ved hjelp av avanserte sensorar og kompleks statistikk.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Ergotest Innovation AS, stiftinga Teltek og Pattern Recognition Systems AS samarbeidde om eit prosjekt der ein prøvde ut multivariate statistiske metodar for integrasjon av data frå ulike typar måleinstrument, og data som elles blir henta inn gjennom eit pasientforløp, for å kvalitetssikre behandlingstilbud innan helse og rehabilitering.

Prosjektet vart innvilga kvalifiseringsstøtte frå Oslofjordfondet, og datainnsamlinga blei gjennomført på pasientar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter våren 2014.

I samhandlingsprosjekta såg ein på korleis ein kan betre koordineringa og samhandlinga mellom pasient, lokale aktørar og rehabiliteringsinstitusjonen for saumlause forløp med pasient og pasienten sine mål i sentrum.

I samhandlingsprosjektet såg ein på korleis ein kan betre koordineringa og samhandlinga mellom pasient, lokale aktørar og rehabiliteringsinstitusjonen for saumlause forløp med pasient og pasienten sitt mål i sentrum. Prosjektet var delt inn i fire delprosjekt, og vart finansiert av Helsedirektoratet.

Delprosjekt 1: Utvikling av ein modell for samhandling mellom lokale NAV-kontor, kommunehelsetenesta og rehabiliteringsinstitusjon. 

I delprosjekt 1 var hovudmålet å betre koordineringa mellom ulike aktørar for å skape eit samanhengande og heilskapleg rehabiliteringsforløp for den enkelte pasient. Delmål var å auke kunnskap om kvarandre sin kompetanse, og integrere behandlingstilbodet ved rehabiliteringsinstitusjonen inn i det lokale rehabiliteringsforløpet for å auka effekten. Ein ønskte også å skape gode møteplassar.

Prosjektet viste at det var rom for å betre samhandlinga både internt i den enkelte kommune, og mellom kommunehelsetenesta og spesialistinstitusjon. Det vart laga ei skisse til modell, der ein la til rette for betre kommunikasjon mellom aktørane både før, under og etter rehabiliteringsopphaldet. Delprosjekt 1 starta våren 2009 og var ferdigstilt juni 2010.

Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt 1 her.

Delprosjekt 2: Utvida samhandling i form av felles utskrivingssamtale under tverrfagleg institusjonsbasert rehabilitering på spesialisthelsetjenestenivå.

Hovudmålet med prosjektet var å prøve ut felles utskrivingssamtale med videokonferanse som samhandlingsarena. Ein ønskte eit tverrfagleg, tverretatleg og tverrsektorielt samarbeid, auka samhandling for å oppnå kontinuitet, og konsensus i rettleiing og rehabiliteringsforløp for pasienten. Ein ønskte også å fremme eit ressursfokus med pasienten i sentrum.

Kommunikasjon mellom dei ulike aktørane føregjekk ved hjelp av videokonferanse. På den måten fekk vi og evaluert og sett på videokonferanse som teknologisk verkemiddel for å gjere samhandling i områder med stor geografisk spreiing mogeleg.

Ut frå tilbakemeldingane frå deltakarane er det mykje som tydar på at ein utvida samhandlingsdimensjon vil virke positivt inn på pasienten si måloppnåing. Delprosjekt vart gjennomført i perioden februar til april 2013.

Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt 2 her.

Delprosjekt 3: Evaluering av en modell for samhandling i praksis mellom NAV, kommunehelsetjeneste og rehabiliteringsinstitusjon.

Overordna mål med dette prosjektet var å betre koordineringa mellom dei ulike involverte aktørane for å skape eit samanhengande og heilheitleg rehabiliteringsforløp. Ein ville evaluere heile modellen med samhandling før, under og etter rehabiliteringsopphald.

Mellom elementa ein såg på her var korleis tett samhandling opplevast opp mot «vanlig prosedyre», opplevinga med bruk av videokonferanse og telefonmøter, praktiske erfaringar med å vere i dialog etter strukturert mønster, samt å avdekke mogelegheiter for forbetringar og utfordringar med videokonferanse.

Reint praktisk var det dialog med pasient og fastlege før opphald, møte i løpet av veke 2 under opphaldet, og felles videoutskrivingssamtale ved avreise.

Det er sterke indikasjonar på at denne samhandlingsmodellen kan vere eit nyttig verkemiddel som gir auka måloppnåing i rehabiliteringsprosessen og kan gjere at pasienten kjem raskare tilbake i arbeid.

Modellen vart vurdert med kvalitativ forskingstilnærming. Delprosjekt 3 starta opp i november 2013 og vart ferdigstilt i mai 2014.

Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt her.

Delprosjekt 4: Utprøving og evaluering av samhandling med pasienten sin arbeidsgjevar og NAV som ein del av arbeidsretta rehabilitering.

Delprosjekt 4 var eit utviklingsprosjekt med oppstart august 2013 basert på kunnskap frå delprosjekt 1og 2, og blei gjennomført parallelt med delprosjekt 3.  Her vart også arbeidsgjevar inkludert i samhandlinga.

Hovudmål var i dette prosjektet å betre kartleggingsarbeidet rundt pasienten. Eit sentralt spørsmål var «Korleis støtte opp under pasienten sitt prosjekt og få arbeidsgjevar med på lag, så pasienten føler seg trygga og støtta?»

Ut i frå resultat frå spørreskjema og vår prosess er det mykje som tydar på at samhandling med arbeidsgjevar tryggar pasient og til dels også arbeidsgjevar i vidare samhandling lokalt. Delprosjekt 4 vart gjennomført i perioden november 2013 til mai 2014.

Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt 4 her.

ICF er Verdas Helseorganisasjon sitt klassifiseringssystem for funksjon, sjukdom og helse. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter var med og vurderte kjernesett for korsryggsmerter.

I 2008 vart det publisert ein studie der fysioterapeut ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Bjarte Fossen, var med på å prøve ut kjernesett for korsryggsmerter i klassifiseringssystemet International Classification of Functioning, Disability and Health (ICF). ICF er verdas helseorganisasjon (WHO) sitt rammeverk for å måle helse og sjukdom både på individuelt nivå og i populasjonar. ICF legg vekt på funksjonsevne, aktivitetar og miljøfaktorar.

Dette er eit svært omfattande klassifiseringssystem, og WHO starta eit arbeid med å utvikle kjernesett for ulike sjukdomar, mellom anna korsryggsmerter. Målet var at ein i større grad skulle kunne klassifisere aktivitet, deltaking og miljø si rolle ved sjukdom. I tillegg ønskte ein eit verktøy som kunne brukast på tvers av profesjonar og landegrenser, kunne samanlikne kliniske og epidemiologiske studiar, samt brukast i klinisk praksis på alle helsetjenestenivå og samfunnsområder.

I denne studien ønskte ein å vurdere bruk av det foreslåtte kjernesettet for korsryggsmerter i klinisk praksis. Ein ønskte spesielt å vurdere om det fanga opp ryggpasientane sine problem og om det mangla kategoriar. Ein ønskte også å evaluere tidsbruk og helsepersonell si vurdering av nytten av å bruke kjernesett.

Hovudkonklusjonane i studien var at ICF-kjernesett for korsryggssmerter fanga opp ryggpasientane sine problem. Det var eit egna verktøy for å få auka perspektiv på deltaking og miljøfaktorar. Ytterlegere reduksjon i tal kategoriar meinte ein kunne vere nødvendig. Det aller viktigaste meinte ein var opplæring i, og bruk av, ICF-kjernesett. Implementering av ICF i klinisk og vitskapeleg arbeid meinte ein vil krevje vidare kritisk evaluering og vitskaplege studiar.

Du kan lese heile studien her.

I perioden 2000 til 2007 gjennomførte Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter fleire studiar på rehabilitering av kvinner med brystkreft.

Gjennom 2000-talet vart det gjort fleire studiar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter på rehabilitering av kvinner med brysktreft. Fysioterapeut Kari Fismen ved RKHR var sentral i dette arbeidet, saman med andre i fagstab ved RKHR, og fagfolk frå andre institusjonar.

I 2000 vart studien Rehabilitering av kvinner med brystkreft publisert. 50 kvinner deltok i eit tre vekers rehabiliteringsopplegg med vekt på fysisk aktivitet og undervisning/gruppesamtalar. Dei same kvinnene var også tilbake ved RKHR til eit ei-vekes oppfølgingsopphald tre månader seinare. Auka fysisk kapasitet, auka thoraxrørsleevne, betra psykisk tilstand og livskvalitet, samt at mange kom tilbake igjen i arbeid var mellom hovudfunna i studien. Du kan lese heile forskingsartikkelen her.

I ein studie frå 2002 evaluerte ein behandlingsopplegget ein hadde brukt i studien frå 2000. Ein fekk her fram mykje interessant tilleggsinformasjon. Det viste seg til dømes at forsøkspersonane la vekt på at kontakten med medpasientane og den fysiske treninga hadde vore svært viktig premissar for vellukka rehabilitering. Dei strukturerte gruppesamtalane hadde også stor betydning, i tillegg til kontakten med personale og undervisninga. Ei rekke andre element vart også trekt fram som viktige, og du kan lese heile studien her.

I 2007 publiserte forskarane ein studie der dei såg på korleis det hadde gått med kvinnene fem år etter opphaldet ved RKHR. Kondisjonsnivået var redusert i perioden, til 74 % av predikert nivå for alder. Aktivitetsnivået var også redusert, plager i arm og skulder var fortsatt betydelege, medan plager med depresjon og angst heldt seg på same nivå som etter rehabiliteringa. Mange hadde problem sosialt og i arbeidslivet, og berre 19 av 34 var fortsatt i full jobb. Denne studien kan du lese her.

Fleire ulike forskingsstudiar har blitt gjort på data henta inn frå pasientar ved RKHR.

Fysisk aktivitet og overvekt

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane om forsking på rehabilitering ved sjukleg overvekt. To fagfolk frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Randi Jepsen og Eivind Aadland, har teke sine dr. gradar knytt opp mot denne forskinga.

Publiserte studiar:

Aadland E, Anderssen SA: Treadmill calibration of the Actigraph GT1M in young-to-middle-aged obese-to-severely obese subjects. Journal of Obesity 2012, 2012:Article ID 318176.

http://www.hindawi.com/journals/jobes/2012/318176/

Aadland E., Robertson L.: Physical Activity Is Associated with Weight Loss and Increased Cardiorespiratory Fitness in Severely Obese Men and Women Undergoing Lifestyle Treatment. Journal of Obesity, vol. 2012, Article ID 810594, 9 pages, 2012. doi:10.1155/2012/810594.

http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/22666559

Aadland E, Steene-Johannessen J: The use of individual cut points from treadmill walking to assess free-living moderate to vigorous physical activity in obese subjects by accelerometry: is it useful? BMC Medical Research Methodology 2012,15:172.

http://www.biomedcentral.com/1471-2288/12/172

Aadland E, Jepsen R, Andersen JR, Anderssen SA: Increased physical activity improves aerobic fitness but not functional walking capacity in severely obese subjects.

http://www.medicaljournals.se/jrm/content/?doi=10.2340/16501977-1205&preview=1

Jepsen R, Aadland E, Robertson L, Kristiansen M, Andersen JR, Natvig GK. Factors and associations for physical activity in severely obese adults during a two-year lifestyle intervention. PeerJ 2014 Aug 7;2.

https://peerj.com/articles/505

Det er også fleire mastergradsstudiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som har brukt data frå denne pasientgruppa.

Psykologiske faktorar og sjukeleg overvekt

I tillegg blir det gjort forsking på sjukleg overvekt av forskarar frå psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Tema i denne studien var motivasjon for å gjennomgå vektreduserande behandling, samt å undersøke korleis det går med pasientane etter behandlinga.
Les meir her: https://www.sv.uio.no/psi/forskning/prosjekter/overvektsbehandling/index.html

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) var med på ein multisenterstudie der standardiserte spørjeskjema som kartlegg helseplager og funksjonsevne relatert til jobb vart testa ut. Dei skjema ein undersøkte var Norsk funksjonsskjema (Norfunk) og Arbeidsbeskrivelse, Helseproblemer siste 30 døgn (SHC) og Smerte, fysisk aktivitet og jobb (FABQ). Prosjektet vart starta 1.1.2007, og vart avslutta i 2016.

I studien har ei sentral problemstilling vore om skjemaene kan brukast slik at innsamla informasjon kan nyttast i klinisk arbeid. Andre problemstillingar har vore om dei predikerer tilbakegang til arbeid etter rehabilitering, og om dei fangar opp endring.

Følgjande rehabiliteringssenter var med på studien:

  • Attføringssenteret i Rauland
  • Bakke opptreningssenter
  • Catosenteret
  • Hernes Institutt
  • Hokksund kurbad
  • Muritunet
  • Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
  • Valnesfjord Helsesportssenter
  • Reykjalundur  (islandsk rehabiliteringsinstitusjon)

For meir informasjon kan du sjå saker på nettsidene til Nasjonalt kompetansesenteret for arbeidsrettet rehabilitering i Rauland (AIR).