Kan pasientar få større nytte av rehabilitering med VR-trening? Det forskar Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og samarbeidspartnarar på.

Behandlinga var tøff. Fem gongar på to år vart Lisbeth Bygstad Celik operert for brystkreft. I tillegg kom cellegift og stråling.

Hausten 2022 er ho ferdig med tre veker på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler kommune. Her har Celik delteke på arbeidsretta rehabilitering.

Medan ho jobba mot målet sitt om å utfordre seg sjølv i trygge omgivnader, bidrog ho til eit forskingsprosjekt om bruk av virtuell verkelegheit (VR) i rehabilitering.

Tyngre å jobbe og trene

Før sjukdommen levde Celik eit aktivt liv med offentleg leiarjobb og jamnleg trening.

– Eg er vant med å ha mange ballar i lufta på jobb. Eg var spent på om behandlinga hadde påverka evna mi til å konsentrere meg, fortel ho.

Etter kreftbehandlinga vart det krevjande å jobbe og trene som før. Dørstokkmila var blitt veldig lang, og det var tungt fysisk.

På Haugland samarbeidde ho med dei tilsette for å handtere frykta for smerter og finne ut korleis ho kunne utfordre seg sjølv i aktivitet. Ho jobba med å styrke seg fysisk og mentalt.

Då ho fekk tilbod om å delta i forskingsprosjektet om VR i arbeidsretta rehabilitering, heiv ho seg med. Tre gongar i veka troppa ho opp på treningsrommet, der ho trente med VR i 20 minutt om gongen.

Trente på å meistre og feile

Når ein tek på seg VR-brillene, trer ein inn i ei virtuell verd. Her kan ein til dømes utforske nye omgivnader eller spele spel.

På Haugland konsentrerte Celik seg om spelet Beat Saber, der du skal treffe objekt som kjem mot deg i takt med musikken. Det krev fullt fokus.

– Første gongen eg prøvde gjekk det ikkje særleg bra. Eg kjende motivasjonen sokk då eg skåra «under normal». Eg vart også veldig sliten i hovudet av å spele, fortel ho.

Etter kvart gjekk det betre. Utover i opphaldet steig skåren, og ho kom stadig lenger i spelet.

– Det var veldig gøy. Eg meistra noko eg først ikkje fekk til. Eg begynte å konkurrere med dei andre deltakarane. Vi samanlikna resultat og delte tips for å kome vidare i spelet. Eg trente merksemd og fokus, og øvde på å kome inn igjen i rytmen når eg gjorde feil, fortel Celik.

Å spele VR er ein måte å erfare at ein kan handtere mange inntrykk frå høgre og venstre.
— Lisbeth Bygstad Celik, deltakar i forskingsprosjekt

Lisbeth Bygstad Celik har gjennomført arbeidsretta rehabilitering ved Haugland Rehabiliteringssenter. Foto: Tora Hope

Leitar etter effekt

– Vi driv kunnskapsbasert rehabilitering. Å forske på bruk av VR i rehabilitering er ein del av jobben vi gjer for å vere fremst i feltet, fortel forskingsleiar Tarja Kvalheim.

Forsking viser at betra merksemd gir mindre helseplagar, medan forverra merksemd gir meir helseplagar. Arbeidsretta rehabilitering betrar merksemda, noko som heng saman med retur til jobb.

Ved hjelp av VR kan ein trene opp merksemd og hukommelse. VR kan også redusere symptom på angst, depresjon, trøyttleik og smerte.

– Dermed er det nyttig å teste VR som eit supplement til det vi allereie gjer i arbeidsretta rehabilitering. I tillegg antar vi at VR kan styrke tiltak som eksponering og arbeidstrening, og stimulere til aktivitet trass i helseplagar. Dette kan på sikt auke sjansane for at ein kan jobbe, fortel Kvalheim.

Å forske på bruk av VR i rehabilitering er ein del av jobben vi gjer for å vere fremst i feltet.
— Tarja Kvalheim, forskingsleiar

Forskingsteamet i VR-prosjektet ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. F.v. forskar Randi Jepsen, fysioterapeut Andreas Helle Takle og forskingsleiar Tarja Kvalheim. Foto: Ingeborg Sol Fure.

Følger deltakarane nøye

Ved Haugland Rehabiliteringssenter nærmar forskingsteamet seg no slutten på datainnsamlinga. I eitt år har teamet testa pasientgrupper grundig.

Eit arbeidsretta rehabiliteringsopphald ved senteret varer i tre veker, der deltakarar i forskingsprosjektet har teke kognitive testar ved ankomst og avreise. Teamet registrerer også poengsum frå VR-treninga i løpet av opphaldet.

Resultata vert samanlikna med ei kontrollgruppe som gjennomfører ordinær arbeidsretta rehabilitering utan VR-trening.

– No gjenstår det for oss å kontakte nokre av deltakarane, og intervjue dei om erfaringane med VR under og eventuelt etter opphaldet. Dette er siste del av datainnsamlinga, fortel forskar Randi Jepsen.

I tillegg har tilsette ved senteret blitt intervjua om sine erfaringar med VR.

Spente på resultata

Dei endelege svara på kva effekt VR-trening faktisk har for rehabilitering, får vi først når alle samarbeidspartnarane er ferdig med datainnsamling og analyse i 2024.

– Vi kan ikkje seie sikkert kva effekt VR-trening har endå. Men vi ser at deltakarane opplever meistringsglede og blir motiverte av den synlege framgangen i spelet, fortel fysioterapeut Andreas Helle Takle.

Sjølv om datainnsamlinga no vert avslutta, vil pasientar som kjem til Haugland framleis kunne prøve seg i VR-universet.

– Vi vil halde fram med å bruke VR som eit verktøy, fordi vi ser at det har stort potensial i mange ulike behandlingssituasjonar, fortel fysioterapeuten.

Eg meistra noko eg først ikkje fekk til.
— Lisbeth Bygstad Celik, deltakar i forskingsprosjekt

VR-spelet krev fullt fokus for deltakar Lisbeth Bygstad Celik. Fysioterapeut Andreas Helle Takle organiserer treninga. Foto: Tora Hope

Trene på dagleglivet

Då Lisbeth Bygstad Celik reiste frå senteret, var det med positive VR-erfaringar i bagasjen.

– Å spele VR er ein måte å erfare at ein kan handtere mange inntrykk frå høgre og venstre, ikkje heilt ulikt kvardagen i ein hektisk jobb, seier ho.


Fakta om VR-prosjektet

  • Leidd av Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering, i samarbeid med Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Rehabiliteringssenteret AiR, Betanien Malvik og Muritunet rehabilitering.
  • Hovudmålet er å undersøke om VR-trening under arbeidsretta rehabilitering (ARR) gir større endring i merksemd og hukommelse enn vanleg ARR.
  • Andre spørsmål handlar om VR-trening påverkar arbeidsevne, forventning om retur til arbeid, angst og depresjon.
  • Erfaringar med VR vert også kartlagt blant klinikarar og pasientar.

Fakta om arbeidsretta rehabilitering

  • Tilbod til deg som er sjukmeldt, står i fare for å bli sjukmeldt eller på andre måtar har hamna utanfor arbeidslivet.
  • Målet er å styrkje deltakarane si evne til å jobbe.
  • Handlar om å finne løysingar på samansette problem som utmatting, muskel- og skjelettsmerter og lettare mentale plager som nedstemtheit eller angst.
  • ARR ser heile mennesket – kropp, sinn og alle faktorar som påverkar kvar enkelt.