Comebackmodellen – NÅR DET IKKJE GÅR OVER
Mange av oss møter pasientar med langvarige plager som ikkje ser ut til å gå over. Desse plagene skapar store utfordringar for pasientane, for omgjevnadene og for samfunnet.
Comeback har over lengre tid jobba med denne pasientgruppa og har utvikla ein modell dei brukar i møtet med pasientane. Målet er å bryta den negative sirkelen og koma tilbake til eit vanleg liv.
Langvarige plagar er ei stor utfordring, og vi ser fram til å få innføring i nye verktøy som har vist svært god effekt. Vi vil læra meir om Comebackmodellen, og vi håpar på gode faglege drøftingar rundt temaet.
Dagsseminaret er ope for fysioterapeutar, legar og anna helsepersonell som jobbar med denne pasientgruppa.
Les meir om Comeback på deira heimeside. Meir detaljert program finn du her: Program dagsseminar.
Praktisk informasjon
- Dato: Fredag 13. juni 2025
- Tid: kl. 08.30–15.15
- Stad: Naustet, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
- Adresse: Hauglandsvegen 308, 6968 Flekke
- Pris: kr 950,- (inkl. lunsj)
- Påmeldingsfrist: 01.06.2025
Kontakt
Ragnhild B. Follevåg, leiar utadretta aktivitet
E-post: ragnhild.follevaag@rkhr.no
Tlf. 57 73 71 14 / Mob. 99 51 47 82
