Onsdag denne veka hadde vi besøk av Tommy Urhaug (Stord BTK) og Thomas Sætre (Bergen paraidrettslag) her på Hauglandssenteret. Pasientar og tilsette fekk innføring i bordtennis og fekk prøve seg i aktiviteten.

Bordtennis er ein fantastisk idrett som fungerer uavhengig av om ein har ei funksjonsnedsetjing eller ikkje. Det er ein fin aktivitet for meistringsoppleving, samstundes som han gir god trening i koordinasjon og motoriske ferdigheiter. Tilbakemeldingane frå alle som deltok var svært gode.

Vi vil òg takke Parabordtennis Norge for dei to bordtennisborda vi har fått, som pasientane våre vil få stor glede av å bruke framover.