marius dalin klatreveggen haugland rehabiliteringssenter

Den siste måndagen i oktober hadde vi besøk av to politikarar frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG): Stortingsrepresentant Marius Dalin og Mark Taylor, som sit i kommunestyret i Fjaler og tidlegare var på fylkestinget i Vestland.

Dei fekk med seg mykje informasjon og ønske frå begge Røde Kors-institusjonane på Haugland. Først ut var Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) med innlegg frå direktør Inger Johanne Osland og klinikkleiar Marte Ulltang, som fortalde om ei kunnskapsbedrift med solid fagstab og mange tilbod til ulike pasientgrupper.

F.v. Inger Johanne Osland, Mark Taylor, Marius Dalin og Leonora Kleiven.

Marius Dalin er sjølv erfaren kirurg frå Helse Førde, men har også jobba for Leger utan grenser i Afrika. Han kom derfor med fagleg bagasje og nyttige spørsmål undervegs.

Eitt av punkta direktøren utfordra han på, var saka om at RKHR må bli rekna som ein ideell organisasjon. Inger Johanne fortalde at Avkommersialiseringsutvalget hadde lagt fram ein rapport i 2024, men at ho var uroa for at den ikkje blir følgt opp. Framleis er det ein juridisk dom som seier at RKHR er kommersielle, noko som kan vere svært uheldig for senteret.

Marius lurte på kva det vart argumentert for i dommen og bad om meir informasjon. Han lovde så å ta saka vidare til kollegaene i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

– Det er nok ikkje snakk om vond vilje her. Eg trur berre vi må sjekke det opp litt, sa han.

F.v. Mark Taylor, Marius Dalin og Leonora Kleiven.

Viktig forsking

Marte Ulltang fortalde at RKHR vil vere i spissen for forsking på rehabilitering og viste til eit fersk eksempel.

– Vi held på med eit prosjekt saman med Helse Førde, Oslo universitetssykehus, Helse Bergen og eit sjukehus i Danmark. Det er 150 000 unge i Norge som fell utanfor på grunn av funksjonelle plager og det vil vi gjere noko med. Her på Haugland kjem ny kunnskap fort til nytte for pasientane, sa ho.

Omvising i Aktivitetsbygget på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.


Marius Dalin viste også interesse for det nye tilbodet til folk som har søvnsjukdommen narkolepsi.

– Det er ei spesiell gruppe! Det er spennande å høyre at de rehabiliterer pasientar med narkolepsi, påpeikte han.

Stortingspolitikaren frå MDG tok også turen innom badeanlegget vårt.

Treng politikarar på laget

Leonora Kleiven, direktør for samfunnskontakt og kommunikasjon på United World College Røde Kors Nordisk (UWC), gav eit innblikk i livet på den internasjonale skulen. Ho påpeikte at skulen ikkje er ein typisk privat internatskule for dei pengesterke, slik ein del har trudd.

– Eg vil heller seie at UWC er for dei svakaste eller dei som har ulike avgrensingar. Elevane våre har varierande økonomisk bakgrunn, nokre kjem frå krigsområde, nokre er blinde eller sit i rullestol; her skal alle samarbeide og oppleve meistring, sa ho.

I ruskevêret vart det mest omvising inne. Her på snarvegen mellom bygga. Neste gong blir det tur på fjorden.

Skulen er avhengig av statsstøtte frå dei nordiske landa. Leonora synest derfor det er kjekt å takke Marius Dalin og andre politikarar fordi dei faktisk er med på å sikre skulen si framtid.

– Vi treng å ha dykk med på laget. Vi er stadig i utvikling, og no er det særleg ei sak vi treng pengar til – nytt kantinebygg. Det vi har er altfor lite, så det jobbar vi med å få til no, sa ho.

Nye, spennande prosjekt

Dei to politikarane frå MDG fekk også innblikk i to nye og spennande prosjekt som er på gang ved Flekkefjorden. Det handlar om Ukraina, internasjonalt helsepersonell, unge flyktningar, Røde Kors og dei to kompetansemiljøa som finst på Haugland med den internasjonale skulen og rehabiliteringssenteret.

Marius Dalin la ikkje skjul på sitt engasjement for global solidaritet. Han har sjølv vore på oppdrag for Leger utan grenser i Sør-Sudan og nemner helse, tryggleik, utdanning og kampen mot fattigdom som nokre av hjartesakene sine. Med andre ord passar Marius godt inn i arbeidet og verdiane vi har på Haugland.

Litt historie om senteret vart det også tid til. Her ved minneveggen frå opninga i 1992 og bilde av kong Harald.

Når han sjølv skal oppsummere besøket og kva han tar med seg vidare, nemner han saka Inger Johanne tok opp om det juridiske rundt RKHR og ideell organisasjon. Den vil han følgje opp politisk. Men han framhevar også kor viktig det er med rehabilitering som fagfelt.

– Med min bakgrunn som kirurg, har eg alltid vore opptatt av rehabilitering. Men det har generelt ikkje hatt spesiell høg prioritering når ressursar skal fordelast. Ofte er det primærbehandlinga som blir prioritert, til dømes når det gjeld kreft. Men vi må ikkje gløyme den andre enden; kor viktig det er det som skjer etter at pasienten er ferdig behandla, sa han.

God dialog mellom Leonora Kleiven (f.v.) frå UWC, MDG-politikarane Mark Taylor og Marius Dalin og Inger Johanne Osland frå RKHR.

Naturen som ein kvalitet

Til slutt la Marius Dalin vekt på den gunstige plasseringa til Haugland Rehabiliteringssenter.
  
– Det er utruleg vakkert her, med naturen tett på. Det at pasientane får nytte fjorden og naturen elles har ein stor verdi. Sjølv på intensiv behandling viser forsking at grøntareal har god effekt, påpeikte han.

Det skein også gjennom at han sjølv er glad i å bruke naturen. Mellom anna lyste han opp då det vart snakk om at pasientane på rehabiliteringssenteret ofte er ute i kajakk på fjorden.

Marius har vore på mange kajakkturar og er begeistra for måten ein kan bruke kajakkpadling som ein meistringsaktivitet for pasientane. Han tok også utfordringa frå idrettspedagogen vår, Per L. Kallevik, i klatreveggen.

Idrettspedagog Per L. Kallevik utfordra ein sporty stortingspolitikar. Marius Dalin var ikkje vanskeleg å be.

– Eg har drive med alpinklatring tidlegare, så dette var gøy, fastslo Marius med eit smil.

Også direktør Inger Johanne heiv seg med på utfordringa, og det tok ikkje lang tid før begge var i toppen av klatreveggen.

Vi ønskjer Marius og Mark velkommen tilbake på fleire besøk. Då lover vi å leggje kajakktur på Flekkefjorden inn i programmet!

Direktør Inger Johanne Osland heiv seg også med i klatreveggen.