Inger Johanne Osland er som kjent administrerande direktør ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR). Ho har det overordna ansvaret for dagleg drift av selskapet og rapporterer til styret.
I styret til RKHR sit styreleiar Elsbeth Sande Tronstad, nestleiar Børre Jacobsen og styremedlemmane Arve Sandal, May Aasebø Hauken, Rasmus Mo, Katrine G. Hjertholm og Karine H. Rønneseth. Varamedlemmar er Jofred Åsnes, Nina Holmelid og Hilde Grinde.
Rasmus Mo er den einaste som er ny i styret i år. Han vart valt inn som styremedlem på sist generalforsamling, som var i sommar. Då var det ekstra kjekt at det «nye styret» kunne samlast her på Haugland då dei skulle ha møte førre veke.
I Naustet behandla styret vanlege styresaker. Dei fekk også tatt ein nærmare kikk på den nye og fine gangbrua over til holmane, og ikkje minst fekk dei fekk høyre om nye tilbod på institusjonen vår.

Styret samla på Haugland i september. Frå venstre styreleiar Elsbeth Sande Tronstad, nestleiar Børre Jacobsen, Katrine G. Hjertholm, May Aasebø Hauken, Rasmus Mo, Jofred Åsnes og Karine H. Rønneseth. (Styremedlem Arve Sandal var ikkje til stades denne gongen).
