Nyleg hadde Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) gleda av å ønskje representantar frå Helse Førde velkommen til senteret.
På bildet er frå venstre Katrine G. Hjertholm (klinisk ernæringsfysiolog/RKHR), Anne Britt Fristad (barnesjukepleiar/Helse Førde), Hege Kristiansen (barnelege og prosjektleiar/Helse Førde), Nina Vonen (barnelege/Helse Førde), Anne Merete Takle (arbeidskonsulent/RKHR), Tarja R. Kvalheim (forskingsleiar/RKHR) og Erlend Nysæter (fysioterapeut/RKHR).
Saman jobbar vi med å utvikle eit nytt og tverrfagleg tilbod som skal greie ut, behandle og rehabilitere barn og unge med funksjonelle plager. Prosjektet har fått idéoverføringsmidlar frå Helse Vest, og vi planlegg for dei første rehabiliteringsopphalda våren 2027.
Stadig fleire treng hjelp
Kort fortalt er funksjonelle plager kroppslege symptom utan påvist organisk sjukdom. Det kan til dømes vere magesmerter, hovudverk, svimmelheit, utmatting og andre vedvarande smerter.
Dei siste åra har stadig fleire unge oppsøkt lege på grunn av slike utfordringar.
Vi ser fram til å utvikle eit tilbod som manglar i regionen
Solide fagmiljø
Det nye prosjektet byggjer på samarbeid mellom Helse Førde, RKHR og leiande fagmiljø frå Oslo universitetssykehus, Aarhus universitetssykehus og Helse Bergen.

Ved RKHR bidrar vi med erfaringa vår innan tverrfagleg rehabilitering, familieinvolvering, skuledeltaking og meistring. Målet med prosjektet er å bidra til betre funksjon, meistring og deltaking i kvardagen for dei unge som har funksjonelle plager.
– Vi ser fram til det vidare samarbeidet – og ikkje minst moglegheita til å utvikle eit tilbod til ei pasientgruppe som i dag manglar eit tilpassa rehabiliteringstilbod i regionen, seier forskarane hos RKHR, Katrine G. Hjertholm og Tarja R. Kvalheim.
