På Røde Kors Haugland Rehabilitering får barn og ungdom vere med på eit lærerikt, trygt og kjekt opphald saman med ein følgjeperson (oftast mor eller far). Vi prøver å tilpasse gruppene utifrå alder og problemstilling og jobbar for at dei unge skal:

– ta eit steg mot eit meir aktivt og deltakande liv

– prøve nye aktivitetar, oppleve meistring og utnytte potensialet sitt.

Foto: Jostein Vedvik

Samstundes får de som føresette fagleg støtte og fellesskap med andre familiar som forstår. Her møter de eit tverrfagleg fagmiljø som legg til rette for utvikling på dei unge sine premissar.

Neste gruppeopphald er i oktober. Søknadsfrist: 4. september. Sjå meir info her.