Samtalegruppe Røde Kors Haugland. Rehabiliteringssenter. Foto: Jostein Vedvik

Menneske som har blitt behandla for kreft, eller lever med kreft, har ofte samansette utfordringar. Det kan vere innanfor psykisk helse, arbeid, fysikk, samvær med andre eller nedsett kognitiv funksjon.

Pasientane sine eigne vurderingar av helse, funksjon og livskvalitet viser verdien av eit heilskapleg og tverrfagleg tilbod som støttar kreftpasientane i å finne vegen vidare.

Forskingsleiar Tarja Rajalahti Kvalheim. Foto: Jostein Vedvik

På Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter tilbyr vi spesialisert rehabilitering for personar som har seinverknader etter kreft. Vi har individuelle opphald for alle typar kreftpasientar, men også gruppeopphald for pasientar med prostata- og kvinnekreft.

I rehabiliteringa her er dei med på friluftsliv og fysisk aktivitet som er tilpassa nivået til kvar enkelt. Dessutan står kognitiv terapi og energiøkonomisering sentralt.

Dei dokumenterte resultata viser ein kjempegod effekt av behandlinga


Pasientane får også undervisning om seineffektar etter kreft, fysisk aktivitet, kosthald, seksualitet etter kreft, aktivitetsregulering og anna nyttig kunnskap.

Å utveksle erfaringar med andre som har liknande utfordringar, kan vere svært nyttig. For mange blir samtalegruppene ein sentral arena for støtte og normalisering av eigne reaksjonar. Vi har òg eigne samtalegrupper som har fokus på vegen tilbake til arbeid.

Foto: Jostein Vedvik

Rapporten frå 2025 viser at kreftpasientane på Haugland har vore svært fornøgde med rehabiliteringa. Heile 94,4 prosent av pasientane opplevde ei positiv endring under rehabiliteringsopphaldet, ifølgje deira eiga vurdering. 

– Det er svært gledeleg å sjå at resultata frå kreftrehabiliteringa er så gode. Kunnskapsrike og dedikerte medarbeidarar som ser kvar pasienten er og kva behov dei har, meiner vi er viktig for at pasientane skal kunne få eit godt tilpassa tilbod, seier Inger Johanne Osland, som er direktør på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.  

Kreftrehabilitering har vore eit viktig satsingsområde for oss i meir enn 25 år


Svara frå pasientane viser at dei største klinisk relevante forbetringane skjedde innan utmatting, angst og depresjon. Samtidig såg vi betydelege forbetringar på dei fleste områda som vart kartlagde gjennom rehabiliteringsopphaldet.

– Kreftrehabilitering har vore eit viktig satsingsområde for senteret i meir enn 25 år. Kunnskap frå forskingsprosjekt og mange års erfaring med å tilby rehabilitering for kreftpasientar, gjer til at vi har utvikla eit tilbod som vi meiner mange har god nytte av, seier Inger Johanne.

Er kreftrehabilitering aktuelt for deg? Sjekk tilboda våre her!

Les meir i årsrapporten vår.