PRT-kurs med Peter S. Lyby på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

– Vi ønskjer å tilby kunnskapsbasert behandling som kan gi pasientane reell endring i kvardagen, seier klinikkleiar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR), Marte Ulltang.

Ho legg vekt på at Pain Reprocessing Therapy representerer ei ny og lovande tilnærming til langvarige symptom der tradisjonelle forklaringsmodellar ofte kjem til kort.

Kanskje har du høyrt om PRT gjennom Harald Eia og dokumentarserien «Harald og sytepavene» på VGTV? Der følgjer dei seks pasientar som har hatt langvarige og alvorlege smerter mellom anna i rygg og mage, som får åtte behandlingstimar med PRT. Resultata til deltakarane er oppsiktsvekkande: Alle rapporterer om betring. Ei ung kvinne som stod i fare for å bli ufør, er no tilbake i jobb. Ein av dei andre hadde vore plaga i 25 år før denne behandlinga endra alt.

Kort fortalt tar Pain Reprocessing Therapy utgangspunkt i at smerter ofte er «falsk alarm» frå ein overaktiv hjerne. Du kan ha sterke smerter utan at det nødvendigvis er noko galt med kroppen. Kanskje var det ein skade der tidlegare, som har blitt lækt. Det betyr likevel ikkje at smertene er innbilte. Målet med PRT er å lære nervesystemet å tolke kroppssignal som trygge igjen.

Aktuelt for mange
På Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter blir fagstaben no kursa i denne metoden av psykologspesialist og smerteforskar Peter S. Lyby. Han jobbar til vanleg på Smertepoliklinikken ved Sykehuset Østfold og har meir enn 15 års erfaring frå rehabiliteringsfeltet.

Foto: RKHR

Nyleg hadde Lyby to kursdagar i Naustet på Haugland for legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar, ergoterapeutar, klinikkleiar, forskingsleiar og idrettspedagogar. På førehand hadde alle sett seg inn i det teoretiske fundamentet og var klare for nyttig og spennande fagleg påfyll. Fysioterapeut Inge Holsen er ein av dei som har stor tru på den nye behandlingsmetoden. Allereie første arbeidsdag etter kurset var han i gang med PRT på pasientar.

– Vi ser at det kan ha god verknad på fleire av pasientgruppene våre. Mest aktuelle er dei som har langvarige symptom der ein ikkje finn noko kroppsleg gale, som til dømes smerteplager og utmatting. Dei har symptom over lang tid, men helsepersonell finn ikkje noko god forklaringsmodell når ein undersøker kroppen. Det er frustrerande for pasientane, men no har vi ein god og spennande behandlingsmetode som kan hjelpe, seier han.

«Falsk alarm»
Inge Holsen fortel at behandlingspakken i hovudsak har to trinn: Først lærer dei pasienten om fysiologien bak. Det er hjernen som produserer symptom uansett om det er ein skade eller ikkje, og symptoma er alltid ekte. Dette er ikkje noko pasientane innbiller seg.

– Vi finn ikkje noko klinisk gale, men hjernen registrer fare. Ein kan seie at hjernen sender ut melding som er falsk alarm og går i lås, forklarer han.

– Trinn to er behandlinga. Vi skal bryte mønsteret og «feilkoplinga» og gi hjernen nye erfaringar: Du har vore sjuk, men no er kroppen frisk igjen. Vi må overbevise hjernen om det same. Vi forsøker ikkje å jage vekk symptoma, men møter dei med nysgjerrigheit, tryggheit og openheit, slik at hjernen lærer at det er trygt. Så handlar det om mykje repetisjon, seier han.

Foto: Jostein Vedvik

Bidra i forsking
Helsepersonell har vore vane med å fortelje rehabiliteringspasientar at dei må lære seg å leve med kroniske smerter. No kan vi i staden seie at vi trur pasientane kan bli heilt friske.

– Vi merkar allereie at nokre pasientar er veldig klare for å prøve PRT. Likevel er det heilt naturleg om nokon er skeptiske, og vi skal ikkje tre denne behandlinga ned over hovudet på dei som ikkje vil. Du har kanskje hatt smerter i åtte år, og så fortel vi at du kan bli heilt kvitt det med PRT – det er ganske utruleg og ikkje så rart om pasientane tvilar. Vi må også sikre at pasientane som mottar behandlinga er grundig avklara medisinsk, seier Inge Holsen.

Interessa for PRT har auka mykje på kort tid, både hos pasientar og helsepersonell.

– Ved å ta metoden i bruk vil vi ikkje berre styrke behandlingstilbodet vårt på Haugland, men også bygge erfaring og systematisk samle data på effekt og pasientoppleving. Det gir oss eit viktig grunnlag for vidare utvikling av tenestene våre, og for å bidra inn i forsking og kunnskapsdeling innan feltet, seier Marte Ulltang.

– Målet er å gi fleire pasientar håp om betring – og i mange tilfelle moglegheit for å bli heilt friske, slår klinikkleiaren fast.

PRT-kurs med Peter S. Lyby på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.
PRT-kurs for mange frå fagstaben på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter med Peter S. Lyby (i midten framme). Foto: RKHR