Bli med på to dagar med fagleg påfyll og nettverksbygging!
På Møteplassen møtest fagfolk og leiarar innan arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Med Møteplassen ønskjer vi å løfte og vidareutvikle fagfeltet arbeidsretta rehabilitering.
Årets konferanse blir arrangert på Hotel Zander K i Bergen 3.–4. november 2026.
Tema 2026: Pain Reprocessing Therapy (PRT) i arbeidsretta rehabilitering
PRT har stort potensial og difor stiller vi spørsmåla: Kva er PRT? Kven kan ha nytte av PRT og kva må eventuelt tilpassast når metoden blir brukt i ARR?
Smakebitar frå programmet
- Psykologspesialist og smerteforskar Peter Solvoll Lyby gir ei innføring i PRT, nevroplastisk smerte og den systematiske tilnærminga metoden byggjer på. Til dagleg arbeider han ved Smertepoliklinikken ved Sykehuset Østfold og har meir enn 15 års erfaring frå rehabiliteringsfeltet, mellom anna frå Sunnaas sykehus og CatoSenteret.
- Erfaringsdeling frå ulike institusjonar
- Implementering av PRT i ARR, og kva som bør justerast når metoden blir tilpassa feltet.
Sjå programmet. Endringar kan kome.
Arrangør
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter arrangerer Møteplassen 2026 på vegner av Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering. Nettverket består av Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Muritunet og Hernes Institutt, og blir leia av Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering ved Rehabiliteringssenteret AiR.
Pris
| Konferansepass inkl. program, to lunsjar og éin middag. |
|---|
| Early Bird (seinast 31. august): kr 3 300,- |
| Ordinær pris (frå 1. september): kr 3 700,- |
Påmelding
Bindande påmelding innan tysdag 15. september 2026.
Påmelding til Møteplassen
Påmelding til Møteplassen
Overnatting
Overnatting i samband med konferansen skal bestillast og betalast direkte til hotellet. Vi har reservert ein romkvote for 3.–4. november, med høve til ekstra overnatting 2.–3. november for dei som ønskjer å kome til Bergen dagen før.
Prisane er:
Enkeltrom inkl. frukostbuffé: kr 2 130 inkl. mva. per rom per døgn
Dobbeltrom inkl. frukostbuffé: kr 2 330 inkl. mva. per rom per døgn
Bestilling skjer direkte til hotellet på e-post resepsjon@zanderk.no eller telefon 55 36 20 40, tasteval «resepsjon». Oppgi kode 412689 for å få avtalt pris. Koden gjeld berre ved direkte kontakt med hotellet, ikkje ved bestilling på nettsidene deira.
Bestillingsfrist er 8. september 2026. Førespurnader etter denne datoen avheng av ledig kapasitet og blir tilbydde til ordinær pris.
Kontaktperson
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR)
v/ Forskingsleiar Tarja Kvalheim
Tlf. 57 73 71 25 / 91 57 55 21
E-post: Tarja.Kvalheim@rkhr.no


