Utanfor Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Foto.

Ville meistre kvardagen med fatigue

Kvinna fortel at det ikkje er lett når ein ikkje maktar det same som før. Å komme seg igjennom kvardagen kunne slite henne ut.

Fatigue, denne følelsen av trøyttheit og mangel på energi, er noko mange kreftpasientar opplever etter endt behandling.

For å lære og takle denne utfordringa, bestemte pasienten og fastlegen seg for å søke om eit rehabiliteringsopphald ved RKHR.

Balansere kvardagen

Kvinna fortel om den gode hjelpa ho har fått frå dei tilsette ved RKHR, og at ho har ho fått auka kunnskap og gjort seg erfaringar på korleis ho skal takle fatigue.

Gjennom tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi og kvile, har ho erfart korleis ho kan balansere kvardagen.

Målet hennar var å kunne meistre kvardagen utan å bli utslitt. Då er det viktig, men ofte vanskeleg å avgrense seg sjølv. Ho understrekar at det er viktig å ta pausane ein treng.

Møtte andre brystkreftpasientar

Det hadde og stor betydning for henne å møte andre brystkreftpasientar, som forstår kva ein har vore gjennom. – Det er godt å le saman, på tross av det alvorlege ein har opplevd, fortel kvinna.

Rehabiliteringsopphaldet er starten

Rehabiliteringsopphaldet er starten på ein prosess, og ho føler seg mykje betre rusta for kvardagen etter opphaldet. Ho veit at det kjem til å ta tid, men ser og framstega ho allereie har gjort.

No ønsker den tidlegare pasienten å gje håp til andre kreftpasientar som opplever seineffektar som fatigue. – Med god hjelp frå fagfolk kan det faktisk bli betre, avsluttar ho.