Kreft
Dette tilbodet er til deg som har vore gjennom kreftbehandling, og som ikkje lenger står midt i den aktive sjukdommen. Etter behandling kan nye spørsmål og utfordringar melde seg, og vi ynskjer å hjelpe deg med å finne vegen tilbake til kvardagen.

Det å få ein kreftdiagnose og gjennomgå behandling set sine spor både fysisk og psykisk.
Forsking tyder på at det å få fagleg oppfølging og rettleiing i tida etter behandling, kan være til god hjelp for å komme tilbake til ein aktiv kvardag. Ikkje minst kan det vere med på å redusere og førebygge biverknader, følgjetilstandar og seinskadar.
Vi tilbyr spesialisert kreftrehabilitering med to til tre vekers døgnopphald. Det er to typar opphald: Individuelle opphald og gruppeopphald.
Ved individuelle opphald er du ikkje del av ei spesifikk gruppe, men inngår like fullt i eit team med andre pasientar og tverrfagleg stab. Individuelle opphald er heilt uavhengig av kva type kreftdiagnose du har.
Ved gruppeopphald tar vi inn pasientar med lik diagnose, der likemannshjelpa er ein viktig del av opphaldet. Vi har gruppeopphald for kvinnekreft og prostatakreft. Vi har og eigne grupper for barn/ungdom som mellom anna har vore gjennom alvorleg sjukdom.
Dette får du hos oss
På Haugland får du intensiv oppfølging av eit tverrfagleg team med brei erfaring innan kreftrehabilitering. Tilbodet er heilskapleg og forskingsbasert, og har fokus på fysisk og psykisk helse, meistring og livskvalitet.
Teamet vårt vil ha fokus på ressursane dine, og motivere deg på vegen mot dine mål. Vi vil og jobbe med meistringsstrategiar for å finne tilbake til rolla di i familien, i ditt sosiale liv og eventuelt i arbeidsliv.
Erfaring og forsking viser at det tek tid å byggje seg opp etter både kreftsjukdom og behandling. Å gi seg sjølv denne tida, og å gjere det gradvis, har for veldig mange vist seg å vere ei god investering i framtida.
…
Kvifor velgje oss?
Heilt sidan Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter opna i 1992 hatt vi hatt tilbod om rehabilitering etter kreftsjukdom. Allereie i 1998 starta vi å forske på rehabilitering for brystkreftopererte kvinner. Etter det har vi vidareutvikla tilbodet til å omfatta fleire ulike kreftdiagnosar.
Senteret ligg vakkert til mellom fjord og fjell, og vi legg til rette for aktivitetar, kvile og naturopplevingar. Kanskje vil eit slikt opphald vere starten på ein god rehabiliteringsprosess for akkurat deg.
Slik søker du
Lurer du på korleis du søker for å få plass hos oss?