— Å bidra til gode helsetenester for folk er ei sterk drivkraft for meg. Det gir meg energi til å stå på, seier Marte Ulltang, som er nytilsett klinikkleiar for helseavdelinga.

I jobben skal Marte Ulltang bidra til både fagleg og strategisk vidareutvikling av Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Stillinga er nyoppretta.

— Eg skal jobbe for å sikre endå betre behandlingsforløp for pasientane. Ingen pasientar er berre på ein plass om gangen. Behandling og rehabilitering er ledd i ei kjede, og det er heilt avgjerande at vi sikrar gode overgangar, seier ho.

Eit best mogleg behandlingsforløp handlar noko forenkla om tre ting: Samhandling, samhandling og samhandling.

Flaks då, at Ulltang har jobba både som samhandlingssjef og seniorrådgjevar i Helse Førde dei siste åra. Ho har hatt som oppgåve å sikre gode og trygge tenester til pasientane på tvers av alle avdelingar.

No tar ho steget ut i den private og ideelle delen av helsevesenet.

— Jobben min blir å ha overblikk og syte for at vi utnyttar ressursane på ein god måte. At alle dreg i same retning, og at vi gir eit best mogleg tilbod til pasientane.

Verdien av å jobbe i lag

Det er ikkje til å stikke under ein stol at helsevesenet står framfor endringar. Dei same utfordringane går att over heile linja: personell- og ressursmangel og økonomiske avgrensingar. Befolkinga blir eldre, og det blir fleire kronisk sjuke med til dels store hjelpebehov.

— Desse utfordringane må vi løyse i lag, på tvers av faggrupper og føretak, med dei ressursane vi har til rådvelde. Det gjer at vi må tenke nytt.

For eksempel må teknologiske løysingar takast i bruk i større grad.

— Vi må sikre endå betre dialog opp mot kommunane, som skal følgje opp pasientane både før og etter opphaldet. Vi deler det same målet: At pasientane skal få eit høgast mogleg funksjonsnivå ut frå føresetnadene – og oppretthalde det over tid.

I heile helsevesenet blir det sett stadig større krav til samhandling og samarbeid til beste for pasientane. Og det er ein god ting, trur Ulltang.

— Å vere pasient har ikkje ein start og ein slutt – det er ein kontinuerleg prosess.

Energisk, uredd og utolmodig

Det tok ikkje lang tid før dei var sikre på at dei hadde funne rett person, røper administrerande direktør ved Rehabiliteringssenteret, Inger Johanne Osland.

— Ho har med seg ein kompetanse og ei erfaring som vi treng. I tillegg er ho ein person som passar godt inn i miljøet her. Ho verkar som ei det er litt fart i, og som har lyst til å få til ting, seier Osland.

Kven er Marte?

Ifølgje dåpsattesten er ho 37 år og heiter Marte Ulltang. Men ho presenterer seg ofte med eit ekstra etternamn: Høyvik.

Faren kjem frå Ulltang i Førde, og mora sin familie frå Høyvik i Stardalen i Jølster.

— Eg vil helst bli assosiert med både farssida og morssida mi. Eg er stolt av familien min og at vi har ei historie her i området, på begge sider. Viss eg bruker berre Ulltang, kan eg ikkje trekkje fram det som er positivt på morssida – for eksempel at eg har ein bestefar som flaug paraglider i ein alder av 86 år, og ei bestemor som jobba på sjukehuset i Førde i alle år. Folk veit kven eg er, og det får i gang samtalen.

Ho var på ferie på Øyra, der svigerfamilien kjem frå, då ho tilfeldigvis kom over stillingsutlysinga.

— Det der er ein spennande jobb! Eg har lyst å ringe og høyre meir, sa eg til sambuaren min.

Det er kort veg frå tanke til handling i Marte sitt tilfelle.

— Når eg får ein idé, vil eg gjerne agere med det same. Så kan eg heller tenkje meg om ein ekstra gong etterpå, seier ho og ler.

Dette slumpa til å vere den eine veka i sommar med strålande vêr, ergo var det ei smal sak for sambuaren Tor Emil Gjøringbø å lokke dei fire ungane utandørs, slik at Marte fekk fred og ro til å ringe.

Eigentleg var ho ikkje på utkikk etter jobb. Men ho var klar for litt meir utfordringar.

— Eg føler at eg har meir å gi. Å bidra til gode helsetenester for folk er ei sterk drivkraft for meg. Det kjennest nesten som eit samfunnsoppdrag.

Deler på oppgåvene heime

No begynner eit nytt tilvære som pendlar, og for firebarnsmora betyr det faktisk ein rolegare start på dagen. Sambuaren kjem til å ta meir av kvardagskaoset om morgonen.

— Eg har rekna på kor mykje tid eg brukar på å stå opp med fire ungar og få to av dei i barnehagen og to på skulen, og det er omtrent like lang tid som det vil ta å setje meg i bilen og køyre til Haugland, seier ho og held fram:

— Eg er i lag med ein fantastisk mann med ein føreseieleg jobb som lærar. Eg plar å seie at bak ei kvar kvinne som vil satse på karrieren, bør det stå ein lærar. Det er ein kombinasjon som gjer at jobb–familieliv–balansen lettare går opp.

Den fornuftige stemma

Marte er utdanna klinisk ernæringsfysiolog. Vidare har ho studert leiing innan helse og sosialsektoren og har kompetanse innan kvalitetsforbetring. På sida har ho si eiga bedrift – sMarte matvalg – og ho har fleire bokutgjevingar bak seg.

Ho engasjerer seg fagpolitisk for at ernæring skal få ein endå større plass i behandling og rehabilitering.

— Haugland Rehabiliteringssenter er langt framme når det gjeld å anerkjenne at ernæring er ein viktig del av eit heilskapleg behandlingsopplegg. Ein god ernæringsstatus gjer at pasientane toler behandlinga betre og får meir ut av den.

Det er mange som har sterke meiningar om kosthald – og vilje til å heve røysta.

— Eg vil gjerne vere den fornuftige stemma som seier at det enkle ofte er godt nok. Som klinisk ernæringsfysiolog baserer eg meg på faglege råd. Eg har sett mange pasientar i kvar sin ende av vektskalaen, og det som ofte går att, er at dei føler seg rådville om kva som er rett og gale. Då seier eg at ein ikkje må prøve å bite over for mykje. Gjer ein nokre få, enkle grep, så gjer ein gode grep.

Har ho sjølv eit grep ho vil anbefale i ein travel kvardag?

— Ta den timen for deg sjølv – på trening eller saman med vener. Eigentida er ofte det første ein ofrar når ein skal sjonglere mykje, men det er viktig for å vere ei god mor og ein god partnar, venn og arbeidstakar.

Tekst og foto: Univerket