Det siste året har vi sett i gang eit systematisk arbeid for å redusere klima- og miljøpåverknaden til senteret. Nyleg fekk vi løn for strevet då vi kunne ta imot Miljøfyrtårn-sertifikatet frå ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal.
«Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har som mål å ha eit tydeleg miljøengasjement og støtte opp under FNs berekraftsmål. Vi er stolte over å kunne kalle oss Miljøfyrtårn», seier kvalitetsleiar Linda Meier.
Miljøarbeid handlar om å ha eit kontinuerleg fokus på eigen drift og jobbe for å minimere negativ påverknad på klima, omgjevnader og arbeidsmiljø.
Miljøfyrtårn er eit verktøy for klima- og miljøarbeid i verksemder. Arbeidet startar med å kartleggje dei viktigaste kjeldene til utslepp og forureining i verksemda, slik at ein kan velje dei rette tiltaka i miljøarbeidet.
«Som ein helseinstitusjon med stort badeanlegg kjem vi ikkje unna eit høgt forbruk av energi. Ein del av dette må vi leve med, samstundes som vi jobbar kontinuerleg med å redusere energibruken der vi kan», fortel Meier.
Dei viktigaste tiltaka vi arbeider med no er å redusere forbruket, kaste mindre mat, redusere avfallsmengda og ombruke meir.
