I vinter utvida senteret med ein ny pasientfløy. Sjå bilete nederst i saka.

Nyleg kunne styreleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Eigedom AS, Peter Midthun, klippe den raude snora på Haugland.

Dermed opna han den nye pasientfløyen på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, med:

  • ti nye universelt utforma pasientrom
  • opphaldsrom
  • vaskesentral
  • lager

Kan ta imot pasientar med større tilretteleggingsbehov

– Vi gler oss til å ta romma i bruk i januar. Dei nye pasientromma er universelt utforma etter høgaste standard, og gjer det mogleg å ønskje pasientar med større behov for tilrettelegging velkomne hit, seier administrerande direktør Inger Johanne Osland.

Senteret har i fleire år hatt trangt om plassen, og det var på høg tid å oppgradere enkelte av romma til moderne standard.

Eige bad for alle pasientar

Dei nye romma gjer også at alle pasientar får sitt eige bad frå januar.

– Vi kan no huse alle pasientane i gode, moderne rom med eige bad. Det veit vi at mange set pris på når dei skal på rehabiliteringsopphald over fleire veker, seier Osland.

Sjå dei nye romma

  • Den nye pasientfløyen er bygd på nordvestsida av hovudbygningen (t.v. i biletet).
  • Fløyen har eit opphaldsrom med gode stolar og TV.
  • Dei vestvende romma har fjordutsikt.
  • Romma er tilrettelagt med takheis frå seng til bad.
  • Kvar rom har eit hjørne med skrivebord.
  • Utsikt frå eit av dei vestvende romma.

Driftsleiar Elin Håland har leia arbeidet med den nye pasientfløyen. Samarbeidet med totalentreprenør Vestbygg AS og underentreprenørane har vore godt. Her er arbeidslaget samla til kranselag i sommar.

Den nye pasientfløyen er bygd på nordvestsida av hovudbygningen (t.v i biletet).

Den nye fløyen har eit opphaldsrom med gode stolar og TV.

Dei vestvendte romma har fjordutsikt.

Romma er tilrettelagt med takheis frå seng til bad.

Romma har eit hjørne med skrivebord.
Utsikt frå eit av dei vestvende romma.
Driftsleiar Elin Håland har leia arbeidet med den nye pasientfløyen. Samarbeidet med totalentreprenør Vestbygg AS og underentreprenørane har vore godt. Her er arbeidslaget samla til kranselag i sommar.