Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har saman med idrettslaga Dale IL og Svint IL søkt Gjensidigestiftelsen om støtte til å vidareutvikle klatretilbodet for barn og unge.

Klatring er ein populær aktivitet for mange, og senteret fekk i 2020 ny klatrevegg. No ønskjer vi å gjere denne meir tilgjengeleg for fleire, og vil opne opp for lokale barn og unge.

Støtta frå Gjensidigestiftelsen på 160 000 kroner vil hjelpe oss til å gjere tilbodet tilgjengeleg for flest mogleg, utan at det skal ha for store kostnader for deltakarane.

– Etter at klatreveggen var ferdig, har vi nytta den i tilbodet til pasientar ved senteret. Vi har fått god erfaring med å tilretteleggje for ulike aldrar og funksjonsnivå, og vi ser at klatring er ein god arena for meistring, seier Ragnhild Follevåg, kontorleiar ved rehabiliteringssenteret.

Barn og unge har eit variert tilbod i nærområdet, men somme fell likevel utanfor av ulike grunnar. Dette tilbodet skal vere for alle, men vi håpar særleg å få med dei som ikkje deltek i anna aktivitet på fritida.

Vi er no i gang med planlegginga, og vi vil kome med meir informasjon om tilbodet i løpet av våren.

Deltakarar i klatreveggen på Haugland