Det er viktig for oss å legge til rette for fysisk aktivitet for alle pasientane våre, og difor er vi alltid interesserte i å vere med og finne løysingar som bidreg til dette.

I samarbeid med Hellenes AS har vi fått utvikla ei sjøsettingsrampe som skal bidra til at fleire kan kome seg ut på sjøen og oppleve gleda ved å padle kano eller kajakk. Dette har blitt eit viktig aktivitetshjelpemiddel på senteret, som gjer at pasientar med funksjonsnedsetjingar får oppleve det å vere på fjorden.

Sjørampa har blitt vidareutvikla sidan den første vart bygd på Haugland, og det er gledeleg at det no er teke initiativ til å kommersialisere løysinga og gjere ho tilgjengeleg for kommunar, idrettslag og andre som ønskjer å etablere eit liknande tilbod lokalt. Dette vil bidra til å gjere sjøen meir tilgjengeleg for personar med funksjonsnedsetjingar rundt om i landet.

Det er no etablert eit nytt selskap, For Alle AS, som har som føremål å utvikle aktivitetshjelpemiddel — i første omgang knytt til aktivitetar på fjorden. Vi ser fram til eit tett og godt samarbeid for å bidra til at endå fleire skal få glede av å vere i aktivitet på sjø og vatn.