Haugland Rehabiliteringssenter

Pågåande prosjekt

Rehabilitering av unge kreftpasientar

Unge kreftpasientar har fått eit eige tilbod på Hauglandsenteret. I samarbeid med m.a. Kreftforeningen har “KaNo” vorte eit spennande prosjekt knytt til rehabilitering av unge kreftpasientar. Du kan lese meir om tilbodet på www.kvano.no

 

Samhandlingsprosjektet

Prosjektet er finansiert av Helsedirektoratet etter prosjektmidlar til omstilling og utvikling av private opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar i 2008 og 2009.  

Delprosjekt 1 hadde som mål å betre koordineringa mellom ulike aktørar for å skape eit samanhengande og heilheitleg rehabiliteringsforløp for den enkelt brukar/ pasient. Prosjekttittelen var: Utvikling av ein modell for samhandling mellom lokale NAV-kontor, kommunehelsetenesta og rehabiliteringsinstitusjon, og denne delen av prosjektet vart ferdigstilt juni 2010.

Delprosjekt 2: Utprøving og evaluering av samhandlingsmodell med felles utskrivningssamtale som tillegg til epikrise som samhandlingsmedie, skal avviklast over hausten 2011.  

Prosjektgruppe del 2:
  Henrik Høberg (leiar) spes.allmennmed./fastlege/kommunelege 1/deltidstilsett RKHR
  Linda D. Meier, ergoterapeut/attføringskonsulent RKHR
  Eirik Fismen, spes.fys.med og rehab., overlege RKHR

 

 Langtidsoppfølging av pasientar med sjukeleg overvekt

Gjennom eit to år langt livsstilsendringsprogram ser ein på endringar i vekt, fysisk kapasitet og grad av angst/depresjon hjå pasientar med sjukeleg overvekt. Prosjektet vart starta i 2007 . Ansvarleg for prosjektet er klinisk ernæringsfysiolog Lesley Robertson, idrettspedagog Anne Grete Lien og overlege Eirik Fismen. Søknadsskjema finn du her