Vi tilbyr gruppetilbod til vaksne personar med MO/ Olliers sjukdom. Tilbodet er utvikla i samarbeid med TRS kompetanseteneste, Sunnaas Sjukehus. Hovudfokuset i rehabiliteringa er å leve med MO eller Olliers sjukdom som vaksen og ha eit aktivt liv.

Målet med kurset er:

  • Å oppretthalde/ betre funksjonsnivå
  • Lære meistringsstrategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial og/eller arbeidsdeltaking
  • Gi den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt

Under opphaldet vil du får tilbod om undervisning og gruppesamtaler, individuell kartlegging/rettleiing, fysisk aktivitet i gruppe og læring gjennom samvær med andre i liknande situasjon. På senteret er det moglegheit for individuelt tilrettelagt trening i sal, gruppetrening i gymsal, trening i terapi- og symjebasseng, styrketrening, kondisjonstrening, turar og naturopplevingar.

Vi legg stor vekt på å bruke det flotte uteområdet og nyttar blant anna fjorden til båtturar, kajakk eller kanopadling. Det er òg moglegheit for utprøving av aktivitetshjelpemiddel.

Du vil få oppfølging av tverrfagleg team og vil få utnemnt ein primærkontakt. Det er mogleg å få praktisk hjelp, beskriv difor behovet ditt for praktisk hjelp i søknaden.

Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss skal vidareførast lokalt når du kjem heim. Dersom du som pasient ynskjer det kan me bidra med søknader i høve heimesitusjonen (t.d. heimesjukepleie, Individuell Plan eller koordinator), samt å arrangere samarbeidsmøter med aktuelle instansar.  

Informasjon om betaling for opphaldet finn du her.

Søknad: Les meir om søknadsprosess

Ytelse jmf. avtale Helse Vest: Samansette og/eller komplekse lidingar

Hjelpemiddel og bistand: Vi ber om at behov for hjelpemiddel vert skildra i søknad, samt ditt behov for bistand til praktiske gjeremål. Ved å ha god og tidleg informasjon om dette kan vi betre førebu den tilrettelegginga du har behov for under oppphaldet.

Transport: Les meir om transport og vegen hit

Gruppeopphald

09 september

Vi tilbyr gruppetilbod til vaksne personar med MO/Olliers sjukdom. Tilbodet er utvikla i samarbeid med TRS kompetanseteneste, Sunnaas Sjukehus. Hovudfokuset under opphaldet vil vere å leve med MO eller Olliers[…]

Praktisk informasjon

Til deg som har fått plass, er her eller har vore her.