
Tre vekers døgnopphold
Frå november 2025 tilbyr vi tre vekers gruppeopphald for menn som har gjennomgått prostatakreftbehandling. Det vil vere opptil 8 personar i gruppa, som igjen vil vere del av ei større gruppe på 18-20 pasientar der alle er behandla for ulike formar for kreft.
Etter kreftbehandling kan det oppstå nye spørsmål og utfordringar. Kroppen har vore gjennom mykje og kvardagen kan kjennes annleis enn før. Vi har lang erfaring med rehabilitering etter kreftsjukdom og ser at dette kan være svært nyttig for vegen vidare.
Dette får du hos oss
Du får intensiv oppfølging av eit tverrfagleg team med brei erfaring innan kreftrehabilitering. Vår tilnærming er heilskapleg og forskingsbasert, med fokus på både fysisk og psykisk helse, fellesskap og livskvalitet. Her møter du andre menn i same situasjon og får støtte, kunnskap og verktøy for vegen vidare. Målet er at du skal styrke både fysisk og psykisk helse, samt finne tilbake til ein aktiv kvardag – heime, sosialt og eventuelt i arbeid.
Gruppetilbodet for menn etter prostatakreft inkluderer blant anna:
- Samtalegruppe og erfaringsutveksling med andre menn i same situasjon
- Undervisning innan aktuelle tema:
- Fysisk aktivitet og seineffekter
- Kosthald og kreft
- Kreft og seksualitet
- Kognitiv og metakognitiv terapi
- Bekkenbunnstrening med fysioterapeut
- Individuell treningsrettleiing
- Gruppetrening med styrke, kondisjon, rørsle og avspenning
- Meistrings- og friluftsaktivitetar
- Kulturelle og kreative hobbyaktivitetar
Kvifor velgje rehabilitering hos oss?
Ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har vi mange års erfaring og spesifikk kunnskap om rehabilitering etter kreftsjukdom. Erfaring og forsking viser at det tar tid å komme tilbake etter at ein har vore gjennom behandling for kreft. Det å gi seg sjølv tid og strukturert støtte i etterkant, er ei god investering i framtida. Hos oss møter du både fagfolk og medpasientar som forstår kva du har vore gjennom. Vårt mål er å hjelpe deg med å finne din plass igjen i kvardagen, med tryggheit og nye verktøy i verktøykassen.
Målgruppe
Menn som har fullført behandling for prostatakreft og som har behov for rehabilitering.
Kontakt oss
For spørsmål, ring oss gjerne på tlf. 57 73 71 00
Gruppeopphald
Vi tilbyr tre vekers gruppeopphald for menn som har gjennomgått prostatakreftbehandling.
Vi tilbyr tre vekers gruppeopphald for menn som har gjennomgått prostatakreftbehandling.
Slik søker du
Lurer du på korleis du søker for å få plass hos oss?
Erfaringar frå andre
Praktisk informasjon
Til deg som har fått plass, er her eller har vore her.


