Arbeidsretta rehabilitering
Tilbodet er diagnoseuavhengig og passar for deg som er sjukmeld, er på arbeidsavklaringspengar (AAP) eller står i fare for å bli sjukmeld.
Arbeidsretta rehabilitering kan være nøkkelen tilbake i jobb, eller gjere at du unngår vidare sjukmelding.

I arbeidsretta rehabilitering har vi fokus på meistring og at du sjølv har ei aktiv rolle. Målet er å bidra til at du får betre helse, betre arbeidsevne og auka livskvalitet. Vi vil at du skal bli trygg på å bruke din eigen kropp, og bli trygg på din arbeidsevne i din arbeidssituasjon.
Med «arbeid» meiner vi også skule og/ eller utdanning.
Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet, skal kunne halde fram når du kjem heim.
Slik gjer vi det
- Utarbeiding av plan for opphald med primærkontakt
- Oppfølging av tverrfagleg team
- Individuelt tilpassa aktivitet både innandørs og utandørs
- Undervisning og individuell rettleiing for å auke innsikt og forståing
- Regulering og eksponering for å finne balanse mellom aktivitet og kvile
- Kartlegging av funksjonsevne og arbeidsrelatert meistringstru
- Kartlegging av medisinske problemstillingar som kan hindre arbeidsdeltaking
Kvifor velgje oss?
Vi har lang erfaring med spesialisert arbeidsretta rehabilitering, og tilbodet vårt er i tråd med tilrådingane frå Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Vi har brei tverrfagleg kompetanse og ei heilskapleg tilnærming.
Slik søker du
Lurer du på korleis du søker for å få plass hos oss?