Utdanningsstillingar
Turnuskandidat i fysioterapi
Senteret er godkjent som turnusplass for fysioterapikandidatar. Kvart år tek vi imot to fysioterapikandidatar som er her seks månader kvar. Dei kjem i hovudsak frå Høgskulen i Bergen eller frå Høgskolen i Sør Trøndelag. Rettleiar er kvalifisert fysioterapeut ved senteret.
Stipendiatar
Dei siste åra har vi hatt fleire stipendiatar tilsett ved eller knytt til Haugland Rehabiliteringssenter. Alle har i sine doktorgrader tatt utgangspunkt i pasientar som har vore til rehabiliteringsopphald ved senteret.
For nærmare beskriving av dei aktuelle prosjekta, sjå under “Forsking og utvikling”.