Studentar

Vi har samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og tek imot studentar frå ulike relevante fagområde.

Studentane får rettleiing av kvalifiserte fagpersonar, og får i stor grad delta i pasientretta arbeid. Ein får delta på tverrfaglege møter og bidra i den praktiske kvardagen ved senteret. Ein får òg nærare kjennskap til organisasjonen sin ideologi og verdigrunnlag.

Studentane får ein variert praksisperiode, og gir gode tilbakemeldingar på opplegget.

Om studentar ynskjer det, kan institusjonen vere behjelpeleg med å finne bustad i nærområdet. Kollektivtilbodet er avgrensa, og studentane er ansvarlege for eigen transport i praksisperioden.