Vi er ein helseinstitusjon og er pålagt å ha dagleg tilsyn med alle våre pasientar.

For å sikre dette har vi ulike sjekklister i aktivitet/ undervisning. I vekedagar vil du følgjast opp av teamet du høyrer til. På helg vil ein tilsett frå sjukepleieavdelinga krysse deg av når du går til middag. Om vi ikkje får registrert di deltaking, vil vi ta kontakt med deg etterpå.

Vi gjer dette for å sikre at du har det bra hos oss, og for at du skal få rask oppfølging om det oppstår behov for det.