Når ein skal på rehabiliteringsopphald, kan ein få dekka reisa til og frå opphaldet. Du fyller ut skjema elektronisk eller på papir, og må sjølv sende det inn til Pasientreiser. Hugs å legge ved kvitteringar/ dokumentasjon på utgifter.
Eigen bil: Pasientar får dekka utgifter med eigen bil etter fastsette km-takstar. Merk at tilleggsutgifter som bompengar, ferje, piggdekkgebyr m.m. ikkje er omfatta av dette.
Om du av helsemessige årsakar må nytte eigen bil, må det på førehand avklarast med lege/ sjukepleiar. RKHR har kun ansvar for å vurdere dette ift heimreisa. I tilfelle skriv vi ut ei eiga stadfesting som skal leggast ved refusjonskravet til Pasientreiser. I slike tilfelle vert også tilleggsutgiftene dekka (bompenger, ferje m.m).
Drosje til offentleg transport: Fordi det ikkje går offentleg transport frå senteret, kan det vere naudsynt med ekstra transport fram til offentleg transport, t.d. drosje frå Haugland til Flekke. Denne delen av reisa vert tinga på trafikalt grunnlag, og vil ofte vere samordna med fleire pasientar. Reisa vert dekka av Pasientreiser på same måte som hovudreisa, men du må framlegge dokumentasjon på utlegg til Pasientreiser som du får frå resepsjonen vår. I tillegg må du hugse å kommentere på refusjonsskjema kvifor du måtte nytte drosje (t.d. «Det går ikkje offentleg transport»).