Dei fleste pasientane nyttar offentleg transport eller eigen bil, og organiserer reisa si på eigehand. Pasienten må då sjølv bestille eventuelle billetter. Hugs å ta vare på kvitteringar/ dokumentasjon på utlegg.
Sjå meir informasjon under om dei ulike transportmidla du kan nytte for å komme til Haugland.
Hos Entur – nasjonal reiseplanlegger kan du planlegge reiser med offentleg transport. For å komme til oss må du legge inn Flekke (Fjaler, Vestland) som stoppestad.
Treng du ytterlegare hjelp til planlegging av reisa, sjå heimesida til Pasientreiser eller ta kontakt med dei på tlf. 05515.
I nokre tilfelle må reisa hit rekvirerast spesielt, t.d. om helsemessige årsaker gjer at ein må ha drosje heile vegen. Dette må i tilfelle ordnast av tilvisande lege el. anna hjelpeapparat heime i samarbeid med Pasientreiser.