Dei fleste pasientane nyttar offentleg transport eller eigen bil, og organiserer reisa si på eigehand. Pasienten må då sjølv bestille evt. billetter. Hugs å ta vare på kvitteringar/ dokumentasjon på utlegg.
Sjå meir informasjon under om dei ulike transportmidla du kan nytte for å komme til Haugland.
Treng du hjelp til planlegging av reisa, sjå heimesida til Pasientreiser eller ring dei på tlf. 05515.
I nokre tilfelle må reisa hit rekvirerast spesielt, t.d. om helsemessige årsaker gjer at ein må ha drosje heile vegen. Dette må i tilfelle ordnast av tilvisande lege el. anna hjelpeapparat heime i samarbeid med Pasientreiser.