-
·
Er det turløyper i området?
Det er fint turområde rundt senteret, med merka turløyper. Informasjon og kart finn du her. Her er òg utlån av kano, båt og ulike typar syklar i den aktuelle sesongen, bruk […]
-
·
Er det organisert aktivitet i helgane?
Det er tilbod om organisert aktivitet med fysioterapeut/idrettspedagog/ergoterapeut laurdagane, elles er det lagt opp til eigenaktivitet/eigentrening i helgane. Det vert og arrangert ulike handtverksaktivitetar i regi av miljøarbeidaren vår.
-
·
Har de basseng?
Ja, vi har to basseng på senteret. Ein kan lese meir om bassenga her. Ta med deg badetøy sjølv om du ikkje er glad i å bade, vi har gode […]
-
·
Kan eg vaske kle på senteret?
Ja, det er vaskerom tilgjengeleg på senteret. Vaskemaskin er gratis, mens bruk av tørketrommel kostar 20 kr (myntautomat). Om du ikkje har mynt, kan du kjøpe polettar i resepsjonen. Vask […]
-
·
Er det lov å ha med dyr til rehabiliteringssenteret?
Nei, det er ikkje anledning til å ta med dyr på senteret pga. allergi. Etter individuell vurdering, kan det gjerast unntak for pasientar som enten:
-
·
Er det hårfønar på romma?
Nei, vi har berre hårfønar i garderobane.
-
·
Må eg ta med handduk / handkle?
Du treng ikkje ta med handkle til innandørs bruk, men dersom bading utandørs er aktuelt for deg, må du sjølv ta med handkle for dette.
-
·
Er det telefon på romma?
Det er ikkje telefon på romma. Vi har pasientalarm i alle pasientbustadane.
-
·
Er det trådlaust internett?
Ja det er trådlaust internett ved senteret. Det er noko begrensa nett i forhold til å laste ned film mm.
-
·
Er det TV på romma?
Det er ikkje TV på romma, men du får tilgang til TV-stove der du kan sjå NRK eller TV2.