Arkiver: FAQs

  • Brukarevaluering

    Tilbakemelding frå pasientane hjelper oss å bli betre. Mot slutten av opphaldet vil vi difor be deg om å fylle ut ei brukarevaluering av opphaldet og behandlinga.

  • Parkering

    Parkering er tilgjengeleg på merka stadar ved aktivitetsbygg. Området ved hovudinngangen er reservert for drosjer og forflyttingshemma som har godkjent parkeringstillating/-bevis.

  • Buss

    Det er avgrensa kollektivtilbod i området. Kvar laurdag går det rutebuss frå Haugland t/r Førde. Sjå oppslagstavla for kultur og fritid.

  • Besøk

    Du kan ta imot gjester under opphaldet. Om gjesten ynskjer å bestille mat eller overnatting, må det avtalast med resepsjonen i god tid på førehand. Les meir under Gjestar og ledsager

  • Mobil

    Mobilbruk kan forstyrre under aktivitet og undervisning. Set mobilen på lydlaus eller ha den avslått når du deltek.

  • Ladestasjon for el-bil

    Det er fire ladestasjonar for el-bil i bakken ned til Haugland. Alle har ladeuttak Type 2. Meir informasjon finn du på www.ladeinorge.no. I tillegg er det er ladestasjon i Dale, 13 km frå senteret. Sjå www.eviny.no/ladestasjoner.

  • Fråversregistrering

    Dersom du skal vere borte frå senteret i lengre periodar, må du avklare dette med teamet eller sjukepleiar. Om du berre er borte nokre timar, kan du registrere deg på eit eige skjema ved gruppa di si oppslagstavle på hovudhuset. Dette er eit tryggleikstiltak for at personalet til ei kvar tid skal ha oversikt over…

  • Foto og film

    Av omsyn til personvern er det ikkje tillate å fotografere eller filme andre pasientar. Du kan heller ikkje ta opp/filme undervisning eller aktivitet utan at avklaring med personale og samtykke frå dei som er til stades.

  • Tilgang

    Hovuddør på senteret er låst mellom kl. 23.00 og 07.00. Andre inngangar vert låst tidlegare. Bruk ringeklokke utanfor resepsjonen ved behov. Ver venleg og respekter at det skal vere ro på heile institusjonen mellom kl. 23.00 – 07.00.

  • Open time

    Sjukepleiarane har open time kvar dag på sjukepleiekontoret kl.  17.30 – 18.00.