Arkiver: FAQs

  • Snikkarbua og hobbyrom

    Snikkarbua ligg nede ved fjorden. Denne er open for sjølvstyrt aktivitet, som enkelt arbeid med ull, lær og tre. Der er også eit malerom. I hovudhuset har vi eit lite hobbyrom der du òg kan drive med handverksarbeid. Dette rommet er først og fremst for dei som bur på huset og ikkje kjem seg ned…

  • TV-stover

    Det er fjernsyn i kvar stove på pasienthusa. På hovudhuset er det fleire tv-stover ein kan nytte under opphaldet.

  • Treningsrom

    Det er ope for eigentrening i treningssal (TSK). Sjå treningstider på oppslagstavla ved resepsjon eller døra til TSK. Ha god hygiene og vask utstyr du har brukt.

  • Bøker og spel

    Senteret har bøker og spel til utlån. Høyr med resepsjonen om du vil låne.

  • Basseng

    Du har tilgang på basseng når det står på timeplanen din. Det er garderobar med inngang til bassenga. Merk at det ikkje er anledning til å gå ut i bassenget før fagstaben har gitt klarsignal. Ein kan nytte badstu i forbindelse med bassengaktivitet.

  • Øvrig stab

    Helsefagleg stab består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, idrettspedagogar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog, arbeidskonsulent og logoped. I tillegg har senteret helsefagarbeidar og assistentar. Anna stab er reinhaldspersonale, kokkar/kjøkkenassistentar, teknisk avdeling, inntakskontor, kultur- og fritidsavdeling, system/IT-avdeling og administrasjon.

  • Sjukepleiar

    Det er sjukepleiar til stades heile døgnet.

  • Lege

    Legekonsultasjon får ein etter behov. Legetimane er tverrfaglege og andre faggrupper vil kunne delta.

  • Primærkontakt

    Alle pasientar får ein primærkontakt under opphaldet. Primærkontakten er institusjonen sin representant, og har ansvar for oppfølging og koordinering medan du er her hos oss.

  • Resepsjon

    Resepsjonen er døgnbemanna, med unntak av: Det er sal av diverse kioskvarer i resepsjonen kvar dag. Sjå opningstid i resepsjon. Kiosken er tilgjengeleg for pasientar og tilsette.