Vi har eit avgrensa undervisningstilbod i samarbeid med Vestland fylkeskommune og deltakaren sin skule på heimstaden.
Det vert under opphaldet lagt opp til korte økter saman med lærar, der barna/ungdommen jobbar individuelt med eigen arbeidsplan som heimskulen skal ha laga.
Lærar frå fylkeskommunen vil hjelpe og støtte barna/ungdommen i skulearbeidet. For grunnskuleelevar er særleg matematikk, norsk og engelsk aktuelt å jobbe med. Vidaregåande elevar vel sjølv kva dei vil fokusere på.
Dersom barnet/ungdommen har vedtak om spesialundervisning (IOP), må det dokumenterast når ein søker om opphald, slik at fylkeskommunen kan vurdere og tilpasse ressursbehovet.
Føresette må søke om elevpermisjon frå heimskulen.
Merk at det er ikkje skuletilbod ved opphald som er lagt til skuleferie.
Hugseliste til undervisning
Barnet/ ungdommen må ha dette med seg:
- Arbeidsplan for opphaldsperioden (laga av kontaktlærar på heimskulen)
- Individuell opplæringsplan (IOP) om ein har ein slik plan
- Skulebøker, skule-pc/nettbrett og lader
- Anna nødvendig skulemateriell under opphaldet
- Bok (gjerne roman) som du kan lese som avveksling, eller lydbok/earpods/headset