Informasjon til deg som skal henvise

Les om korleis ein søker på denne sida. 

Rullerande opptak, seinast to månader før det komande barne- og ungdomsopphaldet.

Om målgruppa for tilbodet:

  • Dette er eit diagnoseuavhengig tilbod til barn og unge med erverva eller medfødt funksjonsnedsetting i alderen 6 -17 år,  med gruppeinntak.
  • Krav om funksjon tilsvarande GMFCS-nivå 3-5.
  • I tillegg krav om kommunikasjonsevne tilsvarande CFCS-nivå-1-3 og handfunksjon MACS-nivå- 1-3.
  • Barnet/ungdommen må kunne fungere i gruppe saman med andre barn/unge.

Om behandlingstilbodet:

Behandlingstilbodet tek utgangspunkt i ei holistisk, biopsykososial forståing av sjukdom og bygger på anerkjente prinsipp innan faget fysikalsk medisin og rehabilitering.

Vi har ei ressursfokusert og tverrfagleg tilnærming, og nyttar tilpassa fysisk aktivitet, psykoedukasjon og friluftsliv i behandlinga i grupper og individuelt.

Kunnskapsgrunnlaget bygger på forsking innan epidemiologi og intervensjon, og faglitteratur, nasjonale og internasjonale rettleiarar, systematiske oversiktsartikler og tilrådingar om beste praksis.