Det går hurtigbåtar langs Vestlandskysten og langs Sognefjorden. For rutetider hurtigbåt sjå Norled > Hurtigbåt. Både båten til Sogndal og båten til Nordfjord er aktuelle å bruke.

Våre nærmaste kaier er Rysjedalsvika (Hyllestad kommune) og Askvoll (Askvoll kommune). For dei fleste er det enklast å gå av i Rysjedalsvika, for her går det buss som korresponderer vidare til Flekke. Du finn rutetider på www.kringom.no (Lokalbuss 14-401 Førde-Dale-Rysjedalsvika).

Frå Flekke må ein ta drosje dei siste 3 km til senteret. Drosja bør tingast på førehand, sjå nummer lenger ned på sida. Med tanke på dekking av reiseutgifter i ettertid (Pasientreiser), så er drosje på denne strekninga på trafikalt grunnlag, då det ikkje går offentleg transport. Du kan få med deg stadfesting på dette når du reiser heim. Drosje mellom Flekke og Haugland vil ofte vere samordna med fleire pasientar.

Om du kjem med båt frå Nordfjord, må du vere merksam på at det ikkje går offentleg transport frå Askvoll til Haugland. Vel du å likevel bruke Askvoll som stoppestad, må du ta høgde for å dekke drosje til Haugland sjølv, om ikkje Pasientreiser dekker det.

Dersom du har spesielle hjelpemiddel eller anna som båten må ta omsyn til, må Norled få beskjed om dette på førehand (tlf. 51868700).

Om du har fått godkjent drosje t/r hurtigbåt er Askvoll kai anbefalt framfor Rysjedalsvika, då det er eigne drosjer i Askvoll.