Næraste flyplass er Førde lufthamn Bringeland (40 km frå Haugland). Det er Widerøe som flyr mellom Oslo og Førde.
Sjekk flytider på www.wideroe.no.
For å komme seg frå flyplassen til Flekke må ein nytte offentleg transport. Det same gjeld på retur-reisa. Best oversikt over bussavgangar får ein på www.entur.no.
For å komme til Haugland tar ein to eller tre bussar:
- Flybuss frå Førde lufthamn Bringeland til Førde Rutebilstasjon
- Frå Førde Rutebilstasjon til Dale (evt. heilt til Flekke)
- Ein kan måtte byte buss i Dale for å komme til Flekke
Frå Flekke må du på førehand ha tinga drosje som kan ta deg dei siste 3 km til Haugland. Sjå meir informasjon under fana «Drosje».
Ved avreise frå Haugland hjelper vi til med bestilling av drosje til Flekke. Deretter må ein følge offentleg transport til flyplass på same måte som over, berre motsett veg.
Er det slik at du ikkje kan nytte offentleg transport og må ha drosje t/r flyplass, må den tingast på førehand. Sjå telefonnummer under fana «Drosje».
Merk at flyreiser og drosje over lengre avstandar (som her) må vere godkjent på førehand av tilvisande lege og Pasientreiser.
Har du spørsmål rundt transport, kan du kontakte resepsjonen.