Det går ekspressbussar til Førde frå Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Frå Førde går det buss til Dale/ Flekke nokre gonger om dagen, med redusert tilbod i helgane. Du finn rutetider på www.entur.no.

Frå Flekke må ein ta drosje dei siste 3 km til senteret. Drosja bør tingast på førehand (minimum dagen før), sjå telefonnummer lenger ned på sida.

Med tanke på dekking av reiseutgifter i ettertid (Pasientreiser), så er drosje på denne strekninga på trafikalt grunnlag, då det ikkje går offentleg transport. Du kan få med deg stadfesting på dette når du reiser heim. Drosje mellom Flekke og Haugland vil ofte vere samordna med fleire pasientar.