-
·
Må eg ta med handduk / handkle?
Du treng ikkje ta med handkle til innandørs bruk, men dersom bading utandørs er aktuelt for deg, må du sjølv ta med handkle for dette.
-
·
Er det telefon på romma?
Det er ikkje telefon på romma. Vi har pasientalarm i alle pasientbustadane.
-
·
Er det trådlaust internett?
Ja det er trådlaust internett ved senteret. Det er noko begrensa nett i forhold til å laste ned film mm.
-
·
Er det TV på romma?
Det er ikkje TV på romma, men du får tilgang til TV-stove der du kan sjå NRK eller TV2.
-
·
Er det enkeltrom på senteret?
Ja, alle pasientar får enkeltrom med eigne bad. I hovudbygget på senteret er det enkeltrom med eigne bad. I kort avstand frå hovudbygget, er det og frittståande pasientbustader med enkeltrom og eigne bad.
-
·
Kortid har de ope?
Vi har pasientar heile året, med unntak av romjula. Senteret er døgnbemanna.
-
·
Kan de ordne reisa for meg?
Treng du hjelp med å organisere reisa til oss, kan du kontakte Pasientreiser på telefon 05515. Om det elles er noko du lurer på med omsyn til reisa, kan du kontakte oss. Vi vil hjelpe deg med å koordinere heimreisa viss det er behov for hjelp til dette.
-
·
Korleis kjem eg meg til Hauglandssenteret?
Det er fleire alternative reisemåtar til Hauglandssenteret, du finn meir detaljert reiseinformasjon her.
-
·
Korleis ser det ut på senteret?
Her kan du ta ein virtuell rundtur før du kjem (opnast i ny fane)
-
·
Kor ligg Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter?
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg flotte omgjevnader ved Flekkefjorden i Fjaler kommune, sjå kart for nærare plassering. Adressa vår er;Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter ASHauglandsvegen 3086968 Flekke