FAQ Category: Fasilitetar

  • Ventesona i aktivitetsbygget

    I 2. etasje i aktivitetsbygget ligg venterom for avtalar med fagstab. Der kan du også spele biljard og bordtennis.

  • Utefasilitetar

    Senteret har tilrettelagte turstiar i nærområdet. Du finn oversikt på heimesida vår www.rkhr.no. Det er mogleg å låne fiskeutstyr, ta kontakt i opningstida til resepsjonen om du ønsker å låne. Pasientar har òg tilgang til aktivitetsbana nedanfor bassengbygget. Det er mogleg å låne robåt og sykkel om du er klarert for slik aktivitet. Ta kontakt i…

  • Snikkarbua og hobbyrom

    Snikkarbua ligg nede ved fjorden. Denne er open for sjølvstyrt aktivitet, som enkelt arbeid med ull, lær og tre. Der er også eit malerom. I hovudhuset har vi eit lite hobbyrom der du òg kan drive med handverksarbeid. Dette rommet er først og fremst for dei som bur på huset og ikkje kjem seg ned…

  • TV-stover

    Det er fjernsyn i kvar stove på pasienthusa. På hovudhuset er det fleire tv-stover ein kan nytte under opphaldet.

  • Treningsrom

    Det er ope for eigentrening i treningssal (TSK). Sjå treningstider på oppslagstavla ved resepsjon eller døra til TSK. Ha god hygiene og vask utstyr du har brukt.

  • Bøker og spel

    Senteret har bøker og spel til utlån. Høyr med resepsjonen om du vil låne.

  • Basseng

    Du har tilgang på basseng når det står på timeplanen din. Det er garderobar med inngang til bassenga. Merk at det ikkje er anledning til å gå ut i bassenget før fagstaben har gitt klarsignal. Ein kan nytte badstu i forbindelse med bassengaktivitet.