Kosthald og måltid

Vi legg vekt på eit variert og næringsrikt kosthald på senteret og retningslinjer frå Helsedirektoratet ligg til grunn for kosthaldet ved institusjonen.

Når du takkar ja til opphald hos oss, må du fylle ut eit svarskjema og returnere. Her opplyser du om evt. allergiar eller matintoleranse. Andre diettar som t.d. lavkarbodiett, har vi ikkje anledning til å ta omsyn til ved kjøkkenet. 

Matsalen ligg i hovudbygget like ved resepsjonen. Alle måltider er sjølvbetjente og vi bruker buffetservering både til kalde og varme måltider.