Ankomstdag

Når du kjem til oss første dag henvender du deg i resepsjonen. Her vil du bli tatt imot og få praktisk informasjon om opphaldet.

Pasientane er fordeltpå tre team: Rødt, grønt og gult. Du vil høyre til eitt av desse teama under opphaldet.

  • Rommet ditt vil vere klart frå kl. 14. Om du kjem før, må du ta høgde for litt venting før du får nøkkel og kan flytte inn på rommet.
  • Middag blir servert kl. 16.30 – 17.30 i vekedager og kl. 15.15 – 16.30 i helga.
  • Velkomstmøte for nye pasientar er kl. 18.00. Om du ikkje rekk fram før møtet, er det fint om du vil kontakte oss på førehand på tlf. 57 73 71 00.

Nye folk og omgjevnader kan vere både spennande og utfordrande. Vi skal gjere vårt beste for at du kjenner deg godt ivaretatt og får ein god start på opphaldet.

Velkomen til Haugland!

Smilende kvinne utenfor resepsjon. Foto.