Organisasjon og tilsette
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Det er rundt 74 årsverk ved institusjonen, fordelt på om lag 100 tilsette.

Inger Johanne Osland er administrerande direktør og har det overordna ansvaret for dagleg drift av selskapet. Administrerande direktør rapporterer til styret. Styret til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har sju medlemmar. Det er eit eige brukarutval knytt til senteret.
Overlege, spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering har det medisinsk faglege ansvaret for behandlingstilbodet ved institusjonen. Det tverrfaglege helseteamet består av legespesialistar og lege, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom, arbeidskonsulent, logoped, helsefagarbeidar, miljøterapeutar og assistentar.
Andre tilsette er administrativt personell, kjøkken- og reinhaldspersonell, resepsjonsmedarbeidarar, IT-medarbeidere, samt vaktmeistrar.
Forsking og fagutvikling (FOU)
Senteret sitt tilbod skal vere kunnskapsbasert og vi har stort fokus på å drive med forskings-og prosjektsarbeid både saman med andre relevante organisasjonar og i eigen organisasjon. Senteret har tilsett forskingsleiar med dr.gradskompetanse, som skal bidra til forsking og kunnskapsheving innan rehabiliteringa på senteret.
Leiing

Direktør

Økonomisjef

Personalleiar

Driftsleiar

Leiar Teknisk/IT

Forskingsleiar, PhD

Leiar utadretta aktivitet

Leiande sjukepleiar

Teamleiar raud gruppe

Teamleiar gul gruppe

Teamleiar grøn gruppe
Styret
Nestleiar
Styremedlem
Styremedlem
Styremedlem
Styremedlem
Styremedlem
Varamedlem
Varamedlem
Varamedlem
Brukarutval
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har eit brukarutval som skal sikre brukaren si stemme og hjelpe institusjonen med å ha god kvalitet i tilbodet.
Brukarutvalet er oppnemnt av leiinga ved institusjonen, med bistand frå FFO, og representerer ulike brukargrupper ved senteret.
Utvalet er sett saman av fire medlemmer, rekruttert frå brukarorganisasjonane.
Medlemmar
Kreftforeningen, Sogn og Fjordane
Hørselshemmedes Landsforbund Vestland
CP-foreningen Vestland
Varamedlemmar
Foreningen for muskelssyke Vestland (FFM Vestland)
LHL Sogn og Fjordane (LHL Askvoll)

