Sommarjobb 2026
Vi lyser no ut spennande sommarjobbar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter! Vi søkjer etter sommarvikarar til fleire avdelingar.
Søknadsfrist: 15.02.2026, søknader vert vurdert fortløpande
Arbeidsperiode: Frå veke 26 til veke 32
Søknad merkast: Sommarjobb + kva avdeling du søker på
Kontaktperson: Personalleiar Thor Grane, tlf. 57 73 71 07
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Om senteret
Vi er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta.
Senteret held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.
Sommaren 2026
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er kjent for å vere ein kjekk stad å jobbe, og vi ser no etter sommarvikarar på helseavdeling og driftsavdeling.
HELSEAVDELINGA
- Fysioterapeut
- Sjukepleiar
- Assistent på sjukepleieavdelinga
- Assistent på avdeling for fysioterapi, idrett og ergoterapi
DRIFTSAVDELINGA
- Assistent kjøkken
- Assistent teknisk/ vaktmeister
- Assistent reinhald
- Resepsjonist dag/ kveld
- Nattevakt resepsjon
Kvalifikasjonar
- Du må fylle 16 år i løpet av året (unntak er resepsjon, der du må vere fylt 18 år)
- Du må kunne kommunisere på norsk
- Dersom du er under utdanning innan dei nemnde faggruppene er du også velkommen til å søkje
Kompetanse, relevant erfaring og personlege eigenskapar vert lagt til grunn ved tilsetting
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Vi tilbyr
- Opplæring vert gitt og det er alltid erfarne kollegaer på jobb som kan rettleie deg
- Konkurransedyktige lønnsvilkår
- Varierte arbeidsoppgåver som vil gje deg god arbeidserfaring
- Eit god arbeidsmiljø med fokus på trivsel og samarbeid
- Tilgang til treningsfasilitetar på fritida
- Hjelp med hybel/bustad
- Gode lønns-/bonusordningar