Jobb i vakre omgjevnader
Fast 100% stilling for legespesialist
Vil du bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell – og samtidig leve tett på naturen?
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søkjer ein engasjert legespesialist som vil vere med på å gjere ein reell forskjell – i eit fagmiljø der vi ser mennesket bak diagnosen, og der ressursar og mestring står i sentrum.
Søknadsfrist: 10.07.2026
Oppstart: 01.11.2026 eller etter avtale
Søknad merkast: Legespesialist
Kontaktperson: Klinikkleiar Marte Ulltang, tlf. 995 07 591
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Eit fagmiljø med ressursfokus og meistring i sentrum
Vi er overtydde om at alle menneske har ressursar – sjølv etter skade eller sjukdom. I vår behandling er det desse ressursane vi vel å fokusere på. Vi jobbar intensivt og tverrfagleg, og er ein del av spesialisthelsetenesta. Som lege hos oss blir du ein nøkkelperson i eit breitt fagmiljø med høg kompetanse og eit felles mål: å gi pasientane betre livskvalitet og meistring i kvardagen.
Du samarbeider tett med spesialistar innan fysikalsk medisin og rehabilitering, psykiatri, sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, arbeidsretta tiltak, ernæring, idrettspedagogikk, logopedi og miljøterapi. Du bidreg med din spisskompetanse i klinisk praksis og tverrfaglege vurderingar – og får vere med på systematisk fagutvikling.
Vi har etablert samarbeid med fysikalsk medisinsk avdeling ved Nordås i Helse Bergen, og våre legar deltek jamleg i internundervisning saman med legar der. I tillegg har vi strukturert internundervisning, kvalitetsutvikling og ei eiga forskingsavdeling med moglegheit for deltaking i forskingsprosjekt. Du får også gode høve til kurs, vidareutdanning og hospitering ved andre institusjonar.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid
- Medisinske vurderingar og journalføring
- Undervisning og rettleiing
- Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid
- Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, nevrologi eller anna relevant spesialitet
- Legar i spesialisering (LIS) og kandidatar med relevant erfaring vil også bli vurderte
- Interesse for rehabilitering og tverrfagleg arbeid
- Gode norskferdigheiter (minimum C1)
- God IKT-kompetanse
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Engasjement for samhandling og kompetansedeling
- Blikk for ressursar og evne til å motivere og gjennomføre funksjonsvurderingar
Vi tilbyr
- Familievennleg dagstilling utan vakter eller helgearbeid
- God fleksibilitet i arbeidskvardagen, med moglegheit for individuelle tilpassingar
- Eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid og regelmessig internundervisning
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling: kurs, vidareutdanning, hospitering og forsking
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
- Hjelp til bustad og gode velferdsordningar
- Ein jobb med meining – i naturskjønne omgjevnader