Fast stilling som helgeassistent
Søknadsfrist: 30.10.2026
Oppstart: 04.01.2027
Søknad merkast: Helgeassistent
Kontaktperson: Leiande sjukepleiar Ellen Eiken, telefon 57 73 71 21
Søknad sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Om stillinga
Vi har ledig ei fast helgestilling som assistent på sjukepleieavdeling med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver:
Jobben består mellom anna i å hjelpe til ved stell og måltid og følge til og delta i pasientaktivitet. Du jobbar tett saman med sjukepleiar, men må òg ha evne til sjølvstendig arbeid.
Kvalifikasjonar/ personlege eigenskapar:
- Liker å arbeide med menneske og gjerne har erfaring frå liknande arbeid
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Helst over 18 år, men yngre kan òg bli vurdert.
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Vi tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode velferdsordningar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter regulativ.