100% fast stilling for lege

Vil du bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell – og samtidig leve tett på naturen? 

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søkjer ein engasjert lege som vil vere med på å gjere ein reell forskjell – i eit fagmiljø der vi ser mennesket bak diagnosen, og der ressursar og meistring står i sentrum. 

Søknadsfrist: 22.10.2026

Oppstart: 1. mars 2027 eller etter avtale

Søknad merkast:  Legestilling

Kontaktperson: Klinikkleiar Marte Ulltang, tlf. 995 07 591

Søknad sendast til: ledigstilling@rkhr.no

røde kors haugland rehabiliteringssenter flekkefjorden jostein vedvik

Om stillinga

Vi er overtydde om at alle menneske har ressursar – sjølv etter skade eller sjukdom. I vår behandling er det desse ressursane vi vel å fokusere på. Vi jobbar intensivt og tverrfagleg, og er ein del av spesialisthelsetenesta. Som lege hos oss blir du ein nøkkelperson i eit breitt fagmiljø med høg kompetanse og eit felles mål: å gi pasientane betre livskvalitet og meistring i kvardagen. 

Du samarbeider tett med spesialistar innan fysikalsk medisin og rehabilitering, psykiatri, sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, arbeidsretta tiltak, ernæring, idrettspedagogikk, logopedi og miljøterapi. Du bidreg med din spisskompetanse i klinisk praksis og tverrfaglege vurderingar – og får vere med på systematisk fagutvikling. 

Vi har etablert samarbeid med fysikalsk medisinsk avdeling ved Nordås i Helse Bergen, og våre legar deltek jamleg i internundervisning saman med legar der. I tillegg har vi strukturert internundervisning, kvalitetsutvikling og ei eiga forskingsavdeling med moglegheit for deltaking i forskingsprosjekt. Du får også gode høve til kurs, vidareutdanning og hospitering ved andre institusjonar. 

Vi arbeider òg med å bli godkjend utdanningsinstitusjon for legar i spesialisering (LIS) innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Målet er å tilby delar av spesialiseringsløpet i eit sterkt tverrfagleg rehabiliteringsmiljø, med tett oppfølging, brei klinisk erfaring og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver:

  • Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid 
  • Medisinske vurderingar og journalføring 
  • Undervisning og rettleiing 
  • Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid 
  • Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetar.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Legar i spesialisering (LIS) og kandidatar med relevant erfaring vil også bli vurderte 
  • Interesse for rehabilitering og tverrfagleg arbeid 
  • Gode norskferdigheiter (minimum C1) 
  • God IKT-kompetanse 

Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team 
  • Engasjement for samhandling og kompetansedeling 
  • Blikk for ressursar og evne til å motivere og  gjennomføre funksjonsvurderingar.

Vi tilbyr:

  • Familievennleg dagstilling, utan vakter eller helgearbeid 
  • God fleksibilitet i arbeidskvardagen, med moglegheit for individuelle tilpassingar  
  • Eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid og regelmessig internundervisning 
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling: kurs, vidareutdanning, hospitering og forsking 
  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar 
  • Hjelp til bustad og gode velferdstilbod 
  • Ein jobb med meining – i naturskjønne omgjevnader.