Andre institusjonar på Haugland
På Haugland er vi samlokalisert med UWC Røde Kors Nordisk og UWC Connect.
UWC Røde Kors Nordisk
UWC Røde Kors Nordisk er eit fargerikt og internasjonalt miljø med 200 studentar frå over 90 nasjonar. Elevane har eit to-årig skuleforløp her på Haugland før dei tar eksamen i International Baccalaureate (IB).
På skulen legg dei vekt på internasjonal forståing og solidaritet, auka innsikt i framande kulturar og respekt for kvarandre sine ulikskaper. I skuleåret kan du treffe på studentar i ulike aktivitetar ved rehabiliteringssenteret.
UWC Connect
UWC Connect drifter leirskule, aktivitetsleirar og andre arrangement her på Haugland. Dei har vestlandsk natur og eit unikt internasjonalt miljø som ramme. Dette brukar dei for å skape gode opplevingar og nye erfaringar for barn, ungdom og vaksne.
