Gjest i Bekkerhuset

Vi er glade for å ta imot deg som gjest i Bekkerhuset. Takk for at du les denne informasjonen på førehand, slik at både du som gjest og huset blir tatt i vare på ein god måte.

Hvitt stort hus i sola, stort tre foran. Foto

Historie

Bekkerhuset er eit gamalt herskapshus like over Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR). Her kan du lese meir om historia knytt til huset og institusjonane på Haugland.

Overnatting

Det er fire soverom i Bekkerhuset som vert leigd ut til offisielle gjestar ved RKHR og/eller UWC. Det er to enkeltsenger på kvart rom og felles bad i kvar etasje.

Innsjekk og nøklar

Det er innsjekk frå kl. 15 om ikkje anna er avtalt. Ta kontakt med resepsjonen ved RKHR for registrering.

Nøklar og låsing

I resepsjonen vil du få nøkkel som passar til hovuddøra og til soverommet. Om ikkje anna er avtalt, er det ikkje tilgang til kjøkken. Stover vert kun leigd ut ved offisielle arrangement.

Om du forlet huset skal soverom og ytterdør låsast. Har du tilgang til kjøkken, skal den døra og låsast når du forlet huset. Ytterdør skal vere låst om natta.

Orden

Vi forventar at gjestar handterer Bekkerhuset og inventar med varsemd.

Det skal vere ro på området frå kl. 23.00.

WiFi

Du har tilgang til WiFi gjennom vårt gjestenett haugland (stemmer at det er WiFi der?)

Passord: hauglandgjest

Brann

Bekkerhuset er eit gamalt trehus og all bruk av stearinlys og eld er forbode. Unntak er i gangen og stover i samband med offisielle arrangement, under kontinuerleg oppsyn (ta med dette?)

ALARM: Brannalarm frå Bekkerhuset blir varsla direkte i resepsjonen ved RKHR

SLOKKING av små branntilløp:

  • Slokkeutstyr

EVAKUERING: I tilfelle brann, må du umiddelbart evakuere bygget.

  • Gjer deg kjent med rømningsvegar i tilfelle brann
  • Alle soverom har brannstige; gjer deg kjent med korleis den fungerer.

VARSLING OM BRANN:

  1. Meld i frå til Brannvesen telefon 110.
    Adressa til Bekkerhuset er Hauglandsvegen … Flekke i Fjaler kommune.
  2. Ta kontakt med resepsjonen ved RKHR på tlf. 57 73 71 00/ mob. 94 00 80 45

Ved avreise

Ved avreise må du hugse å slå av lys og låse dører. Ytterdøra skal låsast. Nøklar leverast tilbake til resepsjonen ved RKHR.

Takk for at du var gjest hos oss!