Om Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Vi gjev tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta.
Vi er ein ideell organisasjon som jobbar etter verdiane respekt og likeverd, og er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.
Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om døgnrehabilitering. Vi tilbyr grupper og individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn frå 6 år. Det er kring 1100 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år. Totalt har vi 74 årsverk og nærare 100 tilsette.
Vi held til i Flekke i Fjaler kommune.
